Stortinget fordeler pengane
Film om statsbudsjettet
Kva er eit budsjett?
Eit budsjett er ei oversikt over alle inntektene og utgiftene du har. Inntekter er pengar du tener eller får, til dømes vekelønn. Utgifter er pengar du bruker på noko. Til dømes ein brus eller ein ny genser.
Har du eit budsjett, er det lettare for deg å ikkje bruke meir pengar enn det du har.
Noregs budsjett
Statsbudsjettet er Noregs budsjett. Der står det kva staten skal bruke pengar på, og kvar pengane skal komme frå.
Kan du kjøpe alt du ønskjer deg?
Dei fleste av oss må prioritere kva vi vel å bruke pengane våre på. Dette gjeld også for dei som skal bestemme over dei felles pengane våre. Dei må bli samde om kva vi skal bruke pengar på (utgifter), og kvar pengane skal komme frå (inntekter).
Kven bestemmer korleis pengane blir brukte?
I oktober leverer regjeringa eit forslag til statsbudsjett til Stortinget. No er det stortingsrepresentantane som skal jobbe med statsbudsjettet. Dei gjer fleire endringar og må passe på at det er balanse mellom utgifter og inntekter.
Stortinget vedtek statsbudsjettet
Alle partia på Stortinget har sterke meiningar om korleis pengane skal brukast. For å bli samde, forhandlar partia med kvarandre. Minst halvparten av stortingsrepresentantane må stemme for statsbudsjettet, for at det skal bli vedteke.
Det betyr at det er Stortinget som bestemmer korleis pengane skal brukast.
Oppgåve
No skal du setje opp eit budsjett for deg sjølv. I budsjettet skal du føre opp alle dei tinga som du har lyst til å bruke pengar på, og kor mykje kvar enkelt ting kostar. Det kan vere til dømes: effektar til eit spel, utstyr, klede, kino, godteri, sparing eller anna.
Kor mykje må du du ha i inntekter for å dekkje det du vil bruke pengar på i løpet av ei veke? Har du råd til alt, eller må du kanskje velje noko bort?