Stortinget bestemmer lovene
Lover er reglar for samfunnet vårt. Det er Stortinget som bestemmer kva lover vi skal ha i Noreg.
Lovene fortel kva rettar og plikter vi har, kva som er tillat, og kva som er forbode.
Å vedta lover er ein av dei viktigaste oppgåvene til Stortinget.
Gruppeoppgåve
Har de reglar på skulen eller i klasserommet? Gå saman i grupper.
- Bli samde om kva reglar som skal gjelde i klasserommet, og skriv dei ned (minst tre og maks ti). Når alle gruppar er ferdige med forslaga sine, skal de stemme over kva som er dei fem viktigaste reglane i klasserommet.
- Korleis ville det vore viss det ikkje var nokon reglar i klasserommet eller på skulen? Diskuter og skriv ned.
- Korleis kan ein unngå at reglane blir brotne? Er det noko de kan gjere i klassen for å forhindre at det skjer? Diskuter og skriv ned.