Gå til innhold
Bunker med norske pengesedler.
Foto: iStock

Stortinget fordeler pengane

I Noreg bruker vi mange milliardar kvart einaste år. Då treng vi eit statsbudsjett!

Kva er eit budsjett?

Eit budsjett er ei oversikt over pengane du har, og kva du vil eller må bruke pengane på. Vi kallar dette for inntekter og utgifter.

Kva er inntekter?

Inntekter er pengar du tener eller får. Til dømes vekelønn. 

Kva er utgifter?

Utgifter er pengar du bruker. Til dømes på ein brus eller ein ny genser.

Kva er statsbudsjettet?

Statsbudsjettet er Noregs budsjett. Der står det kva staten Noreg skal bruke pengar på, og kvar pengane skal komme frå.

Nikolai Astrup holder en stor bunke papirer som det står "statsbudsjettet 2026" på.
Statsbudsjettet er stort og veg omtrent 13 kg.
Foto: Stortinget

Kor mykje pengar bruker Noreg?

I 2026 skal staten bruke 2154 milliardar kroner.

Kva inntekter har Noreg?

Den største delen av Noregs inntekter er skattar og avgifter.

En ung kvinne rer opp en sykehusseng.
En jente er i en butikk og handler.
En mann står ved en bil. Bagasjedøren er åpen.
Oljeplattform i sjøen.
Alle som jobbar, betaler litt av lønna si til staten. Dette blir kalla skatt.
Foto: iStock

Kva utgifter har Noreg?

I Noreg bruker vi mange pengar på ting vi treng i samfunnet. Til dømes på sjukehus, forsvar og hjelp til andre land. Vi må også hjelpe dei som ikkje har jobb.

En eldre mann sitter i en huskekarusell på et tivoli. Han strekker hendene i været og smiler.
En dame ligger på en sofa og er syk. I forgrunnen står et bord med lommertørkler.
Barn i klasserom som rekker opp hånda.
En politibil står parkert. To politihester med politibetjenter på, står ved siden av politibilen.
Tog, buss og vei i en by.
Noreg bruker mange milliardar kroner på pensjon til eldre som ikkje jobbar lenger.
Foto: iStock

Kven bestemmer over statsbudsjettet?

Partia på Stortinget har sterke meiningar om korleis pengane skal brukast. Men alle treng ikkje å bli samde, det held med over halvparten.

Først kjem regjeringa med eit forslag til statsbudsjett. Så er det Stortinget som bestemmer korleis pengane skal fordelast. 

Å vedta statsbudsjettet er ein av Stortingets aller viktigaste oppgåver

Illustrasjonsbilde til video om statsbudsjettet.
play-button

Slik ser det ut når statsbudsjettet kjem til Stortinget. Sjå video frå årets travlaste dag!

Oppgåve 1: Lag ditt eige budsjett

Førestill deg at du har 500 kroner. Du skal nå lage eit eige budsjett.

Inntekter:

  • Her skriv du opp kor mykje pengar du har. 
  • Skriv opp minst to stader du har fått inntekter frå, til dømes vekelønn.

Utgiftene:

  • Her skriv du det du ønskjer å bruke pengar på.
  • Så skriv du kor mykje kvar ting kostar.

No skal du prøve å få balanse i budsjettet ditt:

  • Inntektene og utgiftene må vere omtrent like.
  • Må du velje bort noko av det du har lyst på?
  • Kva skjer om du bruker mindre pengar enn du har?
  • Kva skjer om du bruker meir pengar enn du har?
1 / 2
Sedler gis fra en hånd til en annen.
Foto: iStock