Gå til innhald
Kva skal forteljinga di handle om?
Foto: iStock

Skriv ei forteljing

Lag ei forteljing om eit barn som levde då ei av lovene frå filmen vart vedteke. Du vel sjølv kva historia skal handle om.
  • 5.–7.
  • Skriv
  • 5.–7.

Fekk barnet ein annleis kvardag eller eit annleis liv etter at den nye lova kom? 

Vel ei lov 

I filmen vart du kjent med fem lover. Velj ei lov du har lyst til å jobbe vidare med: 

  • Folkeskulelova (1889)
  • Fabrikktilsynslova (1892)
  • Dei Castbergske barnelover (1915)
  • Lov om barnetrygd (1946)
  • Lov om barneombod (1981) 

Tips! 

Før du går i gang, er det lurt å lage ein disposisjon. Ein disposisjon er nokre ord eller setningar som gjev ei kort beskriving av kva forteljinga skal handle om. 

Hugs at ei forteljing blir delt i tre delar: innleiing, hovuddel og avslutning. 

  • Innleiinga skal gjere lesaren nysgjerrig. Ho skal seie litt om kva som kjem seinare, i hovuddelen.
  • Hovuddelen er den største delen av ei forteljing. Her går du grundig inn på kva forteljinga handlar om.
  • Avslutninga kan vere ei slags oppsummering av forteljinga. 

Gå tilbake til startsida