

Foto: Stortinget
Kva betyr lovene for deg?
I Noreg har vi hundrevis av lover. Mange av dei handlar om korleis barn skal ha det, og kva rettar barn har.
Kva er ei lov?
Lover er reglar for samfunnet vårt. Lovene fortel om kva rettar og plikter vi har, om kva som er tillate, og kva som er forbode.
Kven lagar lovene?
Det er som regel regjeringa som kjem med forslag til nye lover, men det er Stortinget som bestemmer om lova blir noko av eller ikkje.

Alle lover blir vedtekne i stortingssalen.
Foto: Stortinget

Alle lovene Stortinget vedtek er samla i denne boka.
Foto: Stortinget
Folket bestemmer
På Stortinget sit det representantar frå heile Noreg som er valde inn av folket. Dei tek avgjerder på vegner av folket. Så på ein måte kan ein seie at folket er med på å bestemme lovene vi har i Noreg.
Film: Kva betyr lovene for deg?
I denne filmen blir du kjent med fleire lover frå noregshistoria som handlar om barn og deira rettar.


