

Bli kjent med ein stortingsrepresentant
Åse Kristin er 25 år og valt inn frå Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. Ho er utdanna sjukepleiar og bur no i Oslo saman med kjærasten sin. På Stortinget er Åse Kristin medlem i famile- og kulturkomiteen.
Mahmoud er valt inn frå Høgre i Telemark. Han er 41 år og bur på ein gard i Porsgrunn saman med kona si og dei to barna deira. På Stortinget sit Mahmoud i finanskomiteen.
Åse Kristin kjem frå eit regjeringsparti og Mahmoud kjem frå opposisjonen. Det gjer at dei har ulike roller på Stortinget.
Bli kjent med Åse Kristin
Åse Kristin kunne nesten ikkje tru valmålingane som viste at ho hadde fått plass på Stortinget. No gler ho seg til å ta fatt på arbeidet som nyvald stortingsrepresentant.
Bli kjent med Mahmoud
Mahmoud gjekk inn i politikken for å gjere noko med sakene han er oppteken av. No er han klar for fire år på Stortinget.
Komitéarbeid
Åse Kristin er medlem av familie- og kulturkomiteen. Ho har lange arbeidsdagar på Stortinget med komitéhøyringar og arbeid med statsbudsjettet.
Statsbudsjettet kjem!
Mahmoud er medlem av finanskomiteen og jobbar med statsbudsjettet. Han trivst godt med arbeidet som stortingsrepresentant og han synest det er spennande å følgje med på spørjetimen.
Ein variert haust
Åse Kristin har hatt ein hektisk haust med lange møte på Stortinget. Ho har også delteke på nordisk likestillingskonferanse i Stockholm.
Hektiske dagar
Mahmoud har lært mykje om finanspolitikk dei tre månadene han har vore stortingsrepresentant. Han har også lært at debattane i stortingssalen kan gå fort og at det ikkje alltid er like lett å berekne når han må komme til salen for å stemme.
Året har floge!
Åse Kristin ser tilbake på året som har gått. Ho har lært mykje og ho har vorte flinkare til å finne fram i stortingsbygningen. No gler ho seg til å vere i heimfylket Møre- og Romsdal før ho tek fatt på ein ny haust som stortingsrepresentant.
Mahmoud har lært mykje
Etter eit år på Stortinget har Mahmoud lært seg å ete fort og å gå fort for å rekke alle møte. Han har også vorte tryggare på talarstolen.