Ho var ein god lærar.
Ho kjempa for kvinners rettar.
Ho vart den første kvinna på Stortinget.
Anna Rogstad var en pionér. Hun kjempet for kvinners stemmerett (…) Vi står på hennes skuldre.
I alt ho gjorde kjempa Anna for at det norske samfunnet skulle bli betre for jenter og kvinner. I dag er ho spesielt kjent for tre ting:
Ho var ein god lærar.
Ho kjempa for kvinners rettar.
Ho vart den første kvinna på Stortinget.
Det er eit lite mysterium at Anna vart første kvinne på Stortinget allereie i 1911. Kvinner i Noreg fekk nemleg ikkje stemmerett før i 1913. Snart får du vite kvifor, men først får du bli betre kjent med Anna.
Anna har fortalt at ho som barn leika mykje med den eldre bror sin, Olaf. Dei fiska, fanga fuglar og leika ved bekken. Men det tok tid før ho fekk byrje på skulen. «Jo, mine søstre lærte mig å lese, skrive og regne», fortel Anna.
Først då ho var ti år og familien flytta til Trondheim, byrja ho på skulen. Anna starta i tredje klasse sjølv om ho eigentleg var gammal nok til å gå i femte.
Anna var 17 år då ho byrja å jobbe i skulen. På denne tida var det vanleg at gutar og jenter gjekk i kvar sin klasse.
«Jeg husker jeg hadde nogen bedårende smågutter til elever», skreiv Anna om dei første elevane ho hadde i Trondheim.
Då ho var 19 år, tok ho «lærarinneprøva». Før hadde mannlege og kvinnelege lærarar ulike titlar – lærar og lærerinne.
Det var ei stor sorg for Anna då broren Olaf døydde. Nokre år seinare døydde også far hennar, og Anna flytta til Kristiania (Oslo) saman med søstera Marie og mor si.
Anna fekk jobb på Kristianias største skule, Sagene skule. Mange av barna som gjekk der, kom frå fattige familiar.
Anna meinte at lærerinnene vart urettferdig behandla. Dei fekk dårlegare utdanning og dårlegare lønn, enn dei mannlege lærarane.
Ho vart med i Kristiania Lærerinneforening. Dei kjempa for «lik lønn for likt arbeid» og for at lærerinner skulle få dei same rettane som lærarane.
Anna ville også gjere noko med skulegangen til jentene.
På denne tida var det vanleg at barn slutta på skulen etter 7. klasse. Barna som kom frå fattigare familiar byrja no å jobbe.
Anna og fleire andre lærerinner starta opp frivillig og gratis kveldskurs for jenter. Til å byrje med hadde dei berre plass til nokre få, men stadig fleire melde seg på. Annas arbeid for jentene førte til at mange av dei fekk betre utdanning. Snart vart det vanleg at jenter heldt fram på skulen etter 7. klasse.
Kvinnesaken handlar om kampen for kvinners rettar. Lærerinners arbeidsforhold og jenters skulegang var ein viktig del av dette. Men Anna stoppa ikkje der. Ho ville også at kvinner skulle få vere med å bestemme i samfunnet. Då trong dei stemmerett ved stortingsval.
Saman med vennen sin Gina Krog, starta Anna Kvinnestemmerettsforeningen. Dei jobba for å få saka om stemmerett for kvinner inn på Stortinget. Fleire gonger vart saka diskutert, men ho vart nedstemt kvar gong.
Stortinget var ikkje klare for å gi kvinner stemmerett i Noreg. Til slutt foreslo Anna og Kvinnestemmerettsforeningen at kvinner med eiga inntekt og formue, skulle få stemmerett.
Endeleg nådde dei gjennom og fekk fleirtalet på Stortinget med seg. Anna var lærerinne og hadde eiga inntekt. No kunne ho både stemme og stille til val!
Anna greip moglegheita og vart valt til vararepresentant på Stortinget. Slik gjekk det til at ho vart den første kvinna som sat seg ned blant alle mennene i stortingssalen.
Nesten alle mennene som var til stades, reiste seg for henne då ho kom inn i salen for første gong.
På publikumsgalleriet var det fullt av menneske. Nedover Karl Johan var det lang kø av folk som ikkje fekk plass.
På Stortinget heldt Anna fram med å kjempe for sakene som var viktig for henne. Ho minte også dei andre stortingsrepresentantane på at kvinner tente eigne pengar og betalte skatt.
Då ho ikkje lenger sat på Stortinget, heldt Anna fram med å jobbe i skulen. Faktisk gjorde ho ein så god innsats at ho i 1922 fekk Kongens fortenestemedalje i gull.
Anna døydde 84 år gammal. Ho har fått ein veg i Oslo kalla opp etter seg og snart står det ein statue av henne utanfor Stortinget. På gravsteinen hennar er det hogge inn to skulejenter med kvar si skulebok.
Kva hugsar du frå teksten?