Gå til innhold/innhald
Samer demonstrerer mot utbygging i reindriftsområde.
Demonstrasjonar i Masi i 1970, mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget.
Foto: Vidar Knai/NTB

Naturressursar i reindriftsområde

Utvinning av naturressursar er ei viktig inntektskjelde for staten. Men kva dersom utvinning av desse ressursane gjer at dei som bur der, må endre levemåten sin?

Les utdraget frå Sannings- og forsoningskommisjonens rapport til Stortinget, omsett til nynorsk:

"Utbygginga av vindkraftanlegg er i dag kanskje den forma for inngrep som får mest merksemd. Vindkraftindustrien utgjer ofte eit drastisk inngrep i samiske bruksområde.

Slike anlegg legg gjerne beslag på dei same høgtliggjande områda som er nødvendige for reinen, og inneber i tillegg bygging av ei rekke anleggsvegar som øydelegg beite.

Det ligg i dag føre omfattande planar for vidare vindkraftutbygging i reindriftsområde, og det eksisterer ingen nasjonal plan for slike prosjekt som varetek interessene til reindrifta.

Årsaka til den sterke auken i talet på vindkraftprosjekt var ønsket om eit grønt skifte og det aukande energibehovet.

Dette er med på å skape press på reinbeiteområda og dermed på livsgrunnlaget for mange reindriftssamar." S. 543-544.

Utdraget er korta ned og omformulert til eit enklare språk. Klikk her for å lese heile rapporten (PDF blir opna i ny fane).

Refleksjonsspørsmål

Gå saman i par og svar på spørsmåla. Reflekter saman og skriv ned svara.

  1. Meiner de at utbygging av vind- og vasskraftverk er døme på fornorsking? Kvifor/ikkje?
  2. Fosen-saka er for mange den mest kjende saka der staten har bygd anlegg på samars reindriftsområde for å utnytta naturressursar. Kva meiner de regjeringa burde gjera med desse vindturbinane?
  3. Forklar kva som siktar ein til med påstanden: «Utbygging av vind- og vasskraftverk gjer tydeleg ei spenning mellom omsyn til klima, miljø og samar.»
  4. Finnes det andre døme enn Fosen-saka? Bruk internett eller andre kjelder og undersøk. Noter undervegs, og samanlikn dei to sakene. Hugs å oppgi kjelder!