Gå til innhold/innhald
Samiske Skoleungdom Kautokeino 1883.
Skoleungdom i Kautokeino.
Foto: Sophus Tromholt 1883/UiB

Fornorsking gjennom språk

Språk er ein viktig del av identiteten vår. Kva gjer det med oss dersom vi ikkje får snakke morsmålet vårt?

Les utdraget frå Sannings- og forsoningskommisjonens rapport til Stortinget, omsett til nynorsk: 

I 1848 vedtok Stortinget å undersøkje om det var mogleg å starte med opplæring i norsk for samane. Dette vart følgt opp i 1851 og 1853. 

I tillegg begynte Stortinget å gje pengar over statsbudsjettet til Finnefondet for å styrkje kjennskapen til det norske språket blant lappar/samar og kvenar.  

Stortingsvedtaket innebar å styrkje norskundervisninga i det som vart omtalt som overgangsdistrikt, det vil seie område der det vart sett på som mogleg å fremje kjennskapen til norsk språk. 

Fram til då hadde samisk vore brukt som undervisningsspråk i skolen for dei fleste samiskspråklege barna frå Tysfjord og nordover. S. 192. 

Utdraget er korta ned og omformulert til eit enklare språk. Klikk her for å lese heile rapporten (PDF blir opna i ny fane).

Refleksjonsspørsmål

Gå saman i par og svar på spørsmåla. Reflekter saman, og skriv ned svara deira.

  1. Kvifor trur de styresmaktene ønskte å fornorska samane og andre minoritetar i Noreg på denne tida?
  2. Kvifor var språket ein viktig del av fornorskingspolitikken?
  3. Sjå for de at de ikkje fekk lov til å snakka morsmåla deira, men vart tvinga til å læra, og bruka, eit anna språk. Kva ville de gjort?
  4. I dag har ein rett på undervisning på samisk og kvensk. Likevel får mange berre undervisning på norsk, på grunn av manglande ressursar på skulane. Diskuter påstanden: «Fornorsking i skulen går framleis føre seg.»