
Å setje bort barn på Røros
Les utdraget frå Sannings- og forsoningskommisjonens rapport til Stortinget, omsett til nynorsk:
"Fleire samiske barn frå fattige familiar vart tekne frå familiane og slekta si på Røros, helst så tidleg som mogleg, og plasserte i norske familiar.
Slik skulle dei bli oppdratt og fornorska til dei var ferdige med konfirmasjonen. Ein forsøkte også å halde dei som tenestefolk hos nordmenn etter konfirmasjonen for å hindre at dei drog tilbake til det samiske samfunnet.
Frå 1860 og fram til ordninga vart avvikla i 1883, gjaldt det sannsynlegvis meir enn 20 samiske barn og familiane deira. I 1862 var for eksempel meir enn ein tredjedel av dei samiske barna i området sette bort.
Initiativet og det konkrete forslaget om å setje bort samiske barn på Røros kom frå fattigstyret og soknepresten i 1858–1859.
Fattigstyret på Røros og soknepresten såg ein aukande fattigdom blant rørossamane, og fattigstyret var i liten grad villig til å hjelpe dei fattige samane. Fattigstyret ville ikkje gje dei fattighjelp sidan samane ikkje betalte skatt." S. 202.
Utdraget er korta ned og omformulert til eit enklare språk. Klikk her for å lese heile rapporten (PDF blir opna i ny fane).
Refleksjonsspørsmål
Gå saman i par og svar på spørsmåla. Reflekter saman og skriv ned svara.
- Kva tenkjer de om at norske styresmakter tok barn frå familiane sine?
- Korleis trur de at bortsetjing av samiske barn har bidrege til fornorsking av samane?
- Er det rettferdig at berre dei som betalte skatt fekk hjelp frå staten når dei trong det, eller burde det gjelde alle? Korleis er det i dag?
- Kva trur de bortsetjing av samiske barn på midten av 1800-talet gjorde med samars tillit til norske styresmakter?