Gå til innhold/innhald
Miljøpartiet de Grønne under parolen ‹‹Jobb mindre, lev mer›› i 1. mai toget i Oslo.
Foto: Kerstin Mertens / Samfoto

Del 4: Lag ein demonstrasjon!

No er det deira tur til å demonstrere for det de trur på! I ein demonstrasjon kan mange samlast og å seie si meining saman.

Lag materiell til demonstrasjon

Les gjennom forslaga til kva de kan lage, eller kom med eigne forslag.

  • Bli einige i gruppa og med læraren om kva og kor mykje de kan lage.
  • Sjekk at de har alt de treng før de går i gang. Bruk fantasien og gjerne gjenbruksmaterialar. Finn nokre symbol eller annan dekor som passar til temaet dykkar.

Skilt og plakatar

De treng materiale å skrive, måle eller teikne på. Bruk papp, plakatar, tekstilar eller fantasien. De treng også noko å feste på, slik at det er lett å vise det fram eller bere, og dekor å lime på.

Et skilt hvor det står: alt har en grense. Vår er nådd. Det er nå eller aldri. Skiltet holdes foran stortingsbygningen.
Foto: Stortinget

Vimplar eller flagg

De treng materiale å skrive, måle eller teikne på. Bruk papp, plakatar, tekstilar eller fantasien. Stang (pinne) til å feste flagget i. Snor (tau, band, garn) til å feste vimplane i. Stiftemaskin til å stifte i snor eller stang.

Jakkemerke (buttons)

De treng stiv papp eller botnen av ein isboks eller liknande. Kanskje bør dei tole regn? Klipp i ønskt storleik eller form. Dekorer med det motivet og teksten de ønskjer. Fest ei sikkerheitsnål på baksida.

Det er lurt å lime fast eit stykke tekstil på baksida, då sit nåla best.

Lage t-skjorter (eller andre klede)

De treng klede eller andre gjenbrukstekstilar. De kan sy, måle, klippe, trykkje eller lime. Hugs at dersom kleda skal tole vask, bør du bruke tekstilmåling.