
Foto: pexels/diva plavalaguna
Del 3: Gå saman med andre!
«Saman er vi sterke!» Det har du sikkert høyrt før? I Noreg finst det mange organisasjonar med medlemmer, som er opptekne av same sak.
Finn organisasjonar
Finn ut om det er nokre organisasjonar som jobbar for saka dykkar eller kanskje kan støtte ho. Vel ein organisasjon de skal lage ein presentasjon om. Presentasjonen skal innehalde fleire av desse punkta.
- Kva heiter organisasjonen, og kven er leiaren?
- Kva jobbar organisasjonen for?
- Kva gjer organisasjonen for å skape endring?
- Har organisasjonen ein logo?
- Kven kan bli medlem?
- Kva kan medlemmene gjere?
- Har dei ei medlemsavis eller liknande?
- Kostar det noko å vere medlem, og kva går pengane til?