Ta ordet sjølv
Kva er du oppteken av?
Vi har alle saker som er viktige for oss. Nokon er opptekne av idrett, nokon av miljø og andre av dyr. Kanskje kjenner du fleire som er opptekne av det same som deg? Sannsynlegvis er det fleire, anten på staden du bur, i Noreg eller i verda!
Men kva kan du gjere for å påverke det som blir bestemt?
Du kan ta kontakt med dei som bestemmer
Dersom du er ueinig i korleis noko blir gjort på skolen din, så kan du først prøve å snakke med læraren din eller elevrådet. Kanskje er det mogleg å få gjort noko med det?
I kommunen din og i Noreg er det politikarane som bestemmer. Kva med å sende dei ein e-post, eit brev eller ringe og forklare saka din?
Politikarar er travle folk som får mange spørsmål. Difor er det lurt å prøve å fange merksemda deira. Ver tydeleg og kom gjerne med forslag til løysingar. Dersom saka di er viktig for mange, er det lurt å fortelje det.
Du kan ta ordet sjølv
Kva med å skrive eit lesarinnlegg i avisa? Mange aviser og andre medium trykkjer tekstar dei får tilsendt. Sannsynlegvis har du ei lokalavis der du bur. Du kan også ringe dei og forklare saka. Kanskje avisa har lyst til å lage ein reportasje om det?
Når du er over 13 år, kan du også bruke sosiale medium.
Du kan organisere deg
Dersom det er noko du er spesielt oppteken av eller synest er spennande, kan det vere lurt å undersøkje om det finst ein organisasjon for nettopp dette.
Ein organisasjon er ei gruppe menneske som har noko til felles. Eksempel på organisasjonar er Miljøagentane, Raude Kross eller Dyrevernalliansen. Fleire organisasjonar har eigne klubbar eller lag for barn.
Blir du medlem i ein organisasjon, støttar du saka dei jobbar for. Dei som styrer organisasjonen, jobbar for å påverke politikarane. Då har dei alle medlemmene med seg, og det gjer dei sterke.
Du kan aksjonere
Å aksjonere betyr å gripe inn i noko. Dersom det er noko du vil forandre, kan du prøve å gjere noko med det.
Det er fleire måtar du kan aksjonere på. Blant dei mest kjende er underskriftskampanjar og demonstrasjonar. Dei kan føregå på ein stad eller vere digitale. Ofte er det organisasjonar som planlegg aksjonane. Jo fleire som deltek i aksjonen, jo større er sjansane for at andre legg merke til han. Då blir det synleg for politikarane at dette er noko som mange er opptekne av. Kanskje nokon av dei då vil jobbe for saka?
Du kan bruke stemmeretten
Frå og med det året du fyller 18 år, kan du delta i val og stemme på det partiet du er mest einig med.
I stortingsval vel vi folk som skal sitje på Stortinget. I kommunevalet vel vi kven som skal bestemme i kommunane.
Oppgåve
No skal de finne ei sak de er opptekne av, og engasjere dykk i ho. Oppgåva har to delar. Lykke til!