Om demokrati for vaksenopplæringa
I eit demokrati har alle rett til å delta i samfunnet. Alle skal få seie si meining om korleis ting fungerer. Staten må også sørgje for at folk får delta.
På denne sida kan du lese meir om kva eit demokrati må innehalde.
Kva betyr eigentleg demokrati for oss som bur i Noreg? Vi har spurt menneske med ulik bakgrunn og kultur kva demokrati betyr for dei.
Folket skal bestemme
I eit demokrati er det folket som bestemmer. I Noreg kan alle som har stemmerett vere med å velje dei 169 representantane som skal sitje på Stortinget. Ein vel også dei som skal styre kommunane.
Det motsette av eit demokrati er eit diktatur. I diktatur er makta samla hos éin person eller hos ei lita gruppe.
Vala må vere frie
I eit demokrati må vi ha fleire parti å velje mellom. Alle må kunne velje heilt sjølv kva parti dei vil stemme på.
Det er ikkje demokratisk viss ein ikkje kan velje mellom fleire parti. Eller viss vi vart tvinga til å stemme på eit bestemt parti.
Makta må delast
I eit demokrati skal makta delast mellom fleire. I Noreg er makta delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Stortinget skal lage lovene, regjeringa skal styre landet og domstolane skal straffe dei som bryt lova.
Viss berre éin person eller ei lita gruppe menneske har all makta, er det ikkje demokratisk.
Alle må ha menneskerettar
Eit demokrati må ha menneskerettar og dei må gjelde for alle. Nokre døme på menneskerettar er religionsfridom og ytringsfridom. Dei betyr at du kan ha kva religion du vil, og at du har rett til å seie det du meiner.
Viss vi kunne få fengselsstraff viss vi var kritiske til dei om bestemmer, eller vi ikkje kunne velje vår eigen religion, ville det ikkje vore demokratisk.
Det må vere openheit
I eit demokrati må folket få vite kva som skjer i samfunnet. Media gjer ein viktig jobb med å fortelje oss kva som går føre seg. Til dømes kva Stortinget og regjeringa gjer.
Media skal kunne skrive kritisk om kva som skjer, utan at nokon bestemmer kva dei får lov til å skrive.
Viss viktige ting blir skjulte for folket, eller viss media ikkje får jobbe fritt, er det ikkje demokratisk.
Grunnlova vernar demokratiet
Alt dette står skrive i Grunnlova. Sidan Grunnlova er ganske vanskeleg å endre, så er demokratiet vårt godt verna.
Diskusjonsoppgåver
Gå saman i mindre grupper på 2-4 personar.
- Kva meiner de er det viktigaste i eit demokrati?
- Tenk på land som ikkje er velfungerande demokrati. Korleis er desse annleis enn Noreg?
- Kva kan true demokratiet? Ser de nokon døme på dette i Noreg i dag?