

Kven representerer deg?
Elevrådet har representantar
De har sikkert valt ein eller fleire elevrådsrepresentantar i klassen. Desse sit i elevrådet, fordi de ikkje kan møte der alle saman. På elevrådsmøta representerer elevrådsrepresentanten din elevane frå klassen din. Vi kan seie at klassen gir elevrådsrepresentantane tillit.
Kanskje har dei lova å jobbe for betre uteareal på skulen, mindre lekser eller meir uteskule? Ofte jobbar elevrådet med saker som gjeld alle elevane på heile skulen.

Stortinget har også representantar
Noreg fungerer på omtrent same måte som ein klasse. Alle over 18 år kan vere med å stemme på folk som skal representere oss på Stortinget. I stortingsvalet vel vi 169 personar, som skal bestemme over alt frå skule til sjukehus.
På same måte som elevrådsrepresentantane, får også stortingsrepresentantane vår tillit til å jobbe med saker som gjeld oss som bur i Noreg.

Korleis bli ein representant?
Det er ingen andre krav enn stemmerett for å bli representant. I vala til kommunar og Stortinget, må ein vere 18 år for å kunne stemme. I stortingsvalet må ein også vere norsk statsborgar, men i kommunevalet held det at ein har budde i Noreg i tre år.

Det betyr at både ein professor og ein elev på vidaregåande skule kan bli valt. Det viktigaste er at dei har tillit frå anten klassen eller partiet sitt.
Oppgåver
Diskuter i grupper:
- Kva betyr orda "representere" og "representant"?
- Kvifor er det viktig å vere representert?
- Kva er det viktigaste for de når de skal velje ein representant?
Lag ei oversikt eller ein statistikk:
- Over elevrådet på skulen
- Over kommunestyret i kommunen din
Lag ei oversikt over dei viktigaste forskjellane mellom elevrådet og Stortinget. Ta utgangspunkt i stikkorda: val, stemmerett, oppgåver.
