Gå til innhold/innhald
En jente står foran stortingsbygningen med en plakat i hånda.
Foto: Stortinget

Om demokrati for ungdomsskolen

Demokrati er ein måte å styre eit land på som inneber at alle kan delta og vere med på å bestemme.
  • 8.-10.
  • tekst
  • 45 min
  • 8.-10.

Sjølve ordet demokrati betyr folkestyre, altså at makta i eit land kjem frå folket. Det motsette av eit demokrati er eit diktatur. I eit diktatur er makta i stor grad samla hos éin person eller hos ein liten elite.

Den vanlegaste forma for demokrati, som vi òg har i Noreg, kallar vi representativt demokrati. Det betyr at folket vel representantar som tek avgjerder på vegner av dei. Ei anna form for demokrati er direkte demokrati, som inneber at heile befolkninga tek avgjerder gjennom folkerøystingar.

Meir enn val

Val er ein viktig del av demokratiet, men ikkje det einaste som skal til for at eit land skal vere demokratisk. Det finst ei lang rekkje med kjenneteikn som må vere på plass i eit demokrati. Her er nokre av dei viktigaste:

  • Val og parti: Det må vere reglar for når det skal haldast val, og det må ikkje gå for lang tid mellom kvart val. I tillegg må meir enn eitt parti stille til val og ha reell sjanse til å vinne. 
  • Maktfordeling og openheit: Makta til å styre eit land må delast mellom fleire, slik at ikkje éin eller nokre få personar sit med all makta. I Noreg er makta delt mellom Stortinget (lovgivande makt), regjeringa (utøvande makt) og domstolane (dømmande makt). Det må òg vere openheit rundt politiske prosessar, slik at folket får vite kvifor og korleis politiske avgjerder blir tekne. 
  • Menneskerettar: Menneskerettar er rettar som alle har krav på, uansett kjønn, tru, hudfarge eller legning. Nokre av desse er ytringsfridom, utdanning og nødvendig helsehjelp. Staten har ansvaret for å sikre innbyggjarane desse rettane. 
  • Politisk deltaking: Demokrati handlar om deltaking. Både i val og i samfunnet elles. Det er viktig at mange bruker røysteretten sin når det er val. Det er òg viktig at folk nyttar seg av retten sin til å seie ifrå om ting dei meiner bør endrast i samfunnet, ved til dømes å delta i demonstrasjonar eller ytre seg på sosiale medium.