Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg med ein ostehøvel i møte med Trumps motorsag.
Erna Solberg på utsida av FrPs valfest. Sylvi Listhaug viser henne fingeren gjennom vindauget.

I eit demokrati skal det vere trygt å kritisere dei som har politisk makt. Dei må tole å bli sette på plass, til og med latterleggjort.
Kritikk av maktpersonar med humor som verkemiddel, blir kalla satire. Karikaturteikningar er ei form for satire som framhevar eller gjer narr av spesielle trekk ved den som blir teikna. Det kan vere utsjånad, personlegdom eller politiske standpunkt – eller alle på ein gong.
Karikaturteikningane kritiserer makta, og bidreg til å sikre ytringsfridommen.


Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg med ein ostehøvel i møte med Trumps motorsag.
Erna Solberg på utsida av FrPs valfest. Sylvi Listhaug viser henne fingeren gjennom vindauget.
Stortinget har i fleire år stilt ut karikaturteikningar. Utstillinga blir oppdatert kvart år og heng på veggen på veg inn i stortingsrestauranten der politikarane et lunsj.
På den måten blir teikningane ei dagleg påminning om kor sentral ytringsfridommen er i eit demokrati.
Som regel er det politikarane sjølv som får gjennomgå i teikningane som Stortinget stiller ut. Nokre teikningar kommenterer også situasjonen i verda, utanfor Stortinget og Noreg.


Simen Velle, som slangen Kaa, forfører unge veljarar.
KrF-leiar Dag-Inge Ulstein som ei mus i kjortel utanfor eit musehol.


Leiinga i Arbeidarpartiet feirar valsiger, sjølv om vegen til fleirtal er vanskeleg. Også internt i Ap kan det bli bråk, representert ved Trond Giske.
Arild Hermstad (MDG) og Kirsti Bergstø (SV) målar seg inn i eit raudgrønt hjørne under forhandlingane med dei andre partia.
Karikaturtegninger er ein av dei eldste satiriske sjangrane i verda. Dei første døma er frå oldtidas Egypt og Hellas. Då vart gudar og heltar avbilda på vasar og veggmåleri.
I mellomalderen vart særleg prestar og andre knytte til kyrkja karikert. Til dømes på plater av kopar og tre.
På 1700- og 1800-talet vart karikaturteikningar utbreidde. Aviser vart vanlegare blant folk flest, men hadde ikkje fotografi som i dag. Derfor vart karikaturteikningar brukte for å illustrere kritiske artiklar.
I Noreg vart avisteikningar meir vanleg etter 1945. Dei fleste store aviser har sidan då hatt faste avisteiknarar.
Etter at sosiale medium vart ein viktig nyheitskanal på 2000-talet, voks memes fram som ein slags karikatursjanger. Også partia bruker memes aktivt for å karikere både seg sjølve og politiske motstandarar.


Sjølv om satire og karikaturteikningar ofte er morosame, er det ikkje sjølvsagt at dei blir tekne godt imot. Det finst mange døme på at karikaturar og memes har ført til både sensur og drap.
Opp igjennom historia har mange autoritære leiarar forbode karikaturar. I Nazi-Tyskland vart til dømes alle karikaturar som kritiserte regimet sensurerte. Samtidig brukte styresmaktene sjølv sjangeren aktivt for å spreie antisemittisk propaganda.
Også i nyare tid har karikaturteikningar fleire gonger skapt sterke reaksjonar. Autoritære leiarar i mange land har prøvd å stanse ironiske framstillingar av dei sjølv, anten det er memes, tv-program eller andre former for satire.

Det er ikkje berre politiske karikaturar som kan provosere. Karikaturar med religiøse motiv har fleire gonger ført til kraftige reaksjonar.
I 2005 førte karikaturstriden til angrep på danske og norske ambassadar i Midtausten. I 2015 vart det franske satiremagasinet Charlie Hebdo utsett for eit terrorangrep. Begge hendingane var reaksjonar på teikningar av profeten Muhammed.
No skal du lage din eigen politiske karikatur. Du kan jobbe individuelt, i par eller i grupper.
Du bestemmer sjølv kva slags uttrykk karikaturen din skal ha. Det kan til dømes vere ei teikning, digital illustrasjon, meme, eller noko anna.
Poenget er at karikaturen skal kommentere eit politisk tema, noko som skjer i samfunnet eller menneske med makt på ein humoristisk, overdrive eller litt spiss måte.
Tenk igjennom før du byrjar:
