
Foto: Stortinget
Kjell og Erik
Sjå filmen og diskuter spørsmåla nedanfor i gruppa. Etterpå skal de samanfatte for resten av klassen.
Spørsmål
- Kven møtte de i filmen?
- På kva måtar har Kjell og Erik opplevd diskriminering?
- Kjell og Erik beskriv korleis dei "prøvde å spele normale" og at dei "endra åtferd og ikkje var seg sjølve". Korleis trur de dei opplevde dette?
- Kva trur de Kjell meiner når han seier at: "når lovverket sperrar for fridommen din, då blir det alvorleg, då er det farleg"?