

Forteljinga di, historia vår
I Noreg er diskriminering forboden ved lov. Anten det skjer på bakgrunn av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing eller seksuell orientering.
Likevel opplever mange menneske å bli diskriminert. Lovene våre og haldningar i samfunnet speglar ikkje alltid kvarandre perfekt.
I denne oppgåva møter de fire personar som fortel om korleis dei opplever å vere annleis, sjølv om lova i utgangspunktet skal sørgje for at dei ikkje blir diskriminerte.
Oppgåve
Fordel dykk i grupper og sjå kvar deira film. Spørsmål til kvar film finn dykk nedst på denne sida. Gruppene samanfattar svara sine for resten av klassen, før de kan diskutere dei siste spørsmåla i oppgåvesettet i plenum.
Ida Viola
Sjå filmen og diskuter spørsmåla under i grupper.
Maisam
Sjå filmen og diskuter spørsmåla under i grupper.
Kjell og Erik
Sjå filmen og diskuter spørsmåla under i grupper.
Mattis
Sjå filmen og diskuter spørsmåla under i grupper.
Spørsmål til Ida Viola
- Kven møtte de i filmen?
- På kva måtar har Ida Viola opplevd diskriminering?
- Kva trur de Ida Viola meiner med: "Vi må vere sterkare enn funksjonsfriske, elles så knekk vi"?
- Kva trur de Ida Viola meiner med at ho "står litt på pynt"?










