Forteljinga di, historia vår
Alle skal ha høve til å delta i samfunnet, same kven ein er. Men forsvinn diskriminering berre fordi det er forbode?
I Noreg er diskriminering forboden ved lov. Anten det skjer på bakgrunn av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing eller seksuell orientering.
Likevel opplever mange menneske å bli diskriminert. Lovene våre og haldningar i samfunnet speglar ikkje alltid kvarandre perfekt.
Oppgåve
Lenkene nedanfor går til fire ulike filmar om diskriminering. Kvar film blir følgd av nokre oppgåver. Diskuter desse i grupper og samanfatt for resten av klassen. Diskuter til slutt spørsmåla nedst på denne sida i klassen i plenum.
Spørsmål til klassen
- Fleire av personane i filmane seier at eit forbod mot diskriminering ikkje er nok. Kva meiner dei med det?
- Kva er forskjellen på formell og uformell diskriminering?
- Lova er berre eitt av fleire verkemiddel for å få bukt med diskriminering. Kva for nokre andre verkemiddel kan fungera?
- Kjem de på andre grupper som opplever formell og/eller uformell diskriminering?