

Demokrati og menneskerettar
Menneskerettar er rettar som alle menneska i verda har krav på, uavhengig av bustad, tru, hudfarge eller legning - altså rettar alle har fordi ein er eit menneske.
Menneskerettane er ein grunnleggjande verdi i samfunnet og ein av byggjesteinane i demokratiet vårt.
Både Grunnlova og internasjonale avtalar forpliktar norske styresmakter til å sikre at alle som bur her, får oppfylt menneskerettane sine.
To kategoriar menneskerettar
Menneskerettane blir ofte delte inn i to kategoriar:
- politiske og sivile rettar
- økonomiske, sosiale og kulturelle rettar
Døme på politiske og sivile rettar er ytringsfridom, religionsfridom og retten til å delta i val. Desse rettane skal ikkje staten hindre deg i å utøve.
Døme på økonomiske, sosiale og kulturelle rettar er retten til utdanning og grunnleggjande helsehjelp. Desse rettane skal staten sørgje for at du får oppfylt.


Er menneskerettar nødvendige for demokratiet?
Fleire av menneskerettane blir omtalte som politiske rettar. Dette gjeld blant anna stemmerett, ytringsfridom og organisasjonsfridom. Respekt for desse rettane er heilt nødvendig for at land skal reknast som demokratiske.
I eit demokrati skal folk kunne stemme ved val, seie kva dei meiner om dei politiske leiarane i landet, og organisere seg i grupper for å kjempe for si sak.
Samtidig er det ikkje berre politiske rettar som er viktige for demokratiet. Retten til utdanning, til dømes, er også nødvendig for at folk skal ha høve til å delta i demokratiet. Kan du ikkje lese eller skrive, er det vanskeleg å få den informasjonen du treng for å delta.
Det same gjeld viss du lever under forhold som gjer at du ikkje har kapasitet til å kjempe for di sak, som til dømes viss du svelt, er i naud eller slit med dårlig helse.
Når fekk vi menneskerettar slik vi kjenner dei i dag?
Ideen om at menneske skal ha nokre grunnleggjande rettar, har vore sentral i mange kulturar og religionar til ulike tider.
Dei moderne menneskerettane, slik vi kjenner dei i dag, blei skrivne like etter andre verdskrigen. Då samla FN ei gruppe menneske, leidd av Eleanor Roosevelt, som fekk i oppdrag å lage eit utkast til verdsfråsegna om menneskerettar.

I 1948 blei menneskerettserklæringa vedteken av FN. Dette er ei liste med 30 rettar, som gjeld for alle FNs medlemsland, men som ikkje er juridisk bindande. Det betyr at menneskerettserklæringa ikkje er inkludert i lovene i noko land.
Menneskerettane er internasjonale lover
I tillegg til menneskerettserklæringa har FN forma ut ni menneskerettskonvensjonar. Viss eit land vel å ratifisere desse, altså godkjenne dei, blir dei ein del av lovene i landet.
Barnekonvensjonen er eit døme på ein konvensjon. Han slår fast kva rettar alle barn skal ha.
For land i Europa gjeld også Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Han listar opp mange av dei same rettane som FNs menneskerettserklæring.

Forskjellen er at Den Europeiske menneskerettskonvensjonen er juridisk bindande for landa som har slutta seg til han.
Dersom det skjer brot på desse rettane, kan staten prøvast for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Også Noreg har fleire gonger blitt dømt i EMD for brot på menneskerettane.
Stortinget og menneskerettane
Dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane.
Det er staten som skal sørgje for at innbyggjarane i landet har grunnleggjande rettar. I Noreg er det Stortinget som vedtek om menneskerettar skal skrivast inn i norsk lov.
Stortinget har til dømes vedteke at FNs barnekonvensjon er juridisk bindande for Noreg. Dermed skal staten sørgje for at alle barn i Noreg lever eit godt liv.
Staten skal blant anna sørgje for at alle barn får grunnleggjande utdanning, at barn ikkje opplever vald i heimen og at barn blir lytta til i saker som gjeld dei.
Menneskerettane som blir ein del av norsk lov, blir skrivne inn i menneskerettslova.
I 2014 vedtok Stortinget at Grunnlova skal ha eit eige kapittel om menneskerettar. Rettane som er skrivne inn i Grunnlova, har ein forhøgd status, og er vanskelegare å endre enn andre lover.