Gå til innhold/innhald
En jente står foran stortingsbygningen med en plakat i hånda.
Foto: Stortinget

Om demokrati for ungdomsskulen

I eit demokrati er det folket som har den politiske makta. Frie val, menneskerettar og brei politisk deltaking er viktige brikker som sikrar dette.
  • 8.-10.
  • tekst
  • 45 min
  • 8.–10.

Sjølve ordet demokrati betyr folkestyre, altså at makta i eit land kjem frå folket. Det motsette av eit demokrati er eit diktatur. I diktatur er makta i stor grad samla hos éin person eller hos ein liten elite.

Representativt demokrati

Den vanlegaste forma for demokrati, som me også har i Noreg, blir representativt demokrati kalla. Det betyr at folket vel representantar som tek avgjerder på deira vegner.

Stortingsrepresentanter voterer i stortingssalen.
Dei som blir valde inn på Stortinget blir kalla stortingsrepresentantar. Dei skal representera folket, og ta viktige avgjerder for Noreg.
Foto: Stortinget

Ei anna form for demokrati er direkte demokrati, som inneber at heile befolkninga tek avgjerder gjennom folkeavstemmingar. I Noreg skjer dette veldig sjeldan.

Meir enn val

Valg er ein viktig del av demokratiet, men ikkje det einaste som skal til for at eit land skal vere demokratisk.

Det finst ei lang rekkje med kjenneteikn som må vere på plass i eit demokrati. Her kan du lese om nokon av dei viktigaste. Trykk på pluss-tegane:

Val og partiar

I eit demokrati må val vere frie og rettferdige. Det betyr mellom anna at alle over ein viss alder må ha stemmerett.

I eit demokrati må det vere reglar for når det skal haldast val, og kven som har stemmerett. Ingen må nektast å stemme på bakgrunn av anten kjønn, etnisitet eller formue. I Noreg har alle norske statsborgarar over 18 år stemmerett ved stortingsval.

Det må vere fleire å stemme på

Velgerne må ha fleire enn eitt parti eller kandidat å stemme på. Det er dessutan viktig at alle som stiller til val har høve til å nå fram til veljarane gjennom til dømes tv-debattar.

I eit demokrati må veljarane ha høve til å kaste dei som sit med makta, dersom fleirtalet meiner at nye politiske løysingar er nødvendige. Men dersom det ikkje er nokon reell konkurranse om å vinne eit val, har ikkje veljarane denne moglegheita. Då blir demokratiet svekt.

Jonas Gahr Støre og Erna Solberg i debatt
I Noreg har vi mange parti og fleire som ønskjer å bli statsminister.
Foto: Mona Hauglid / Arendalsuka

Maktfordeling og kontroll

I et demokrati skal ikke den politiske makten være samlet hos én person eller i én institusjon. I tillegg må de som har makt hele tiden passes på.

Det at fleire delar på makta i samfunnet er ein nesten 300 år gammal idé som stammar frå den franske filosofen Montesquieu. Formålet med maktfordeling er at ikkje éin eller nokre få personar sit med all makt. Montesquieu var redd for at det ville føre til maktmisbruk.

Maktfordeling vart skriven inn i Grunnlova vår allereie i 1814. I Noreg er makta delt mellom Stortinget (lovgivande makt), regjeringa (utøvande makt) og domstolane (dømmande makt).

Dei med makt må kontrollerast

I Noreg er det regjeringa, altså den utøvande makta, som har ansvar for å gjennomføre den politikken Stortinget har bestemt. Då er det viktig at Stortinget kontrollerer at regjeringa gjer det, i tråd med det dei har bestemt.

Ein av Stortingets viktigaste oppgåver er å kontrollere regjeringa. Dersom fleirtalet i Stortinget ikkje har tillit til at regjeringa styrer landet på ein god måte, må regjeringa trekkje seg.

Abid Raja og Kari Nessa Nordtun i spørretime.
Stortinget skal kontrollere regjeringa. Her er det Abid Raja frå Venstre som utfordrar kunnskapsministeren, Kari Nessa Nordtun (Ap), om skulepolitikken til regjeringa.
Foto: Stortinget

Menneskerettar

Menneskerettar er rettar som alle menneska i verda har krav på, uavhengig av bustad, tru, hudfarge eller legning.

Menneskerettane er ein grunnleggjande verdi i samfunnet og ein heilt sentral byggjestein i demokratiet vårt. Det er ansvaret til staten å sikre at alle som bur i Noreg får oppfylt menneskerettane sine.

Nokre av dei mest sentrale er:

Ytringsfridom og forsamlingsfridom

Fri og sann informasjon om det som går føre seg i samfunnet er viktig i eit demokrati. Det er sånn folk får vite kva politiske spørsmål handlar om, og kva partia meiner om desse.

Alle som ønskjer å det, skal få uttrykkje det dei meiner. Både demonstrasjonar og innlegg i media er viktige plattformer for å bruke ytringsfridommen.

Stor demonstrasjon utenfor Stortinget.
Utanfor Stortinget blir det nesten demonstrert kvar dag. Her frå ein demonstrasjon til støtte for Palestina hausten 2023. Demonstrantane ønskjer at Noreg skal anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat.
Foto: Stortinget

Rettstryggleik

Staten skal ikkje misbruke si makt overfor enkeltpersonar eller grupper. Alle som blir tiltalte for å ha gjort noko kriminelt skal få ei rettferdig behandling i rettssystemet. Alle skal få lik behandling i domstolen uavhengig av kven ein er, eller kva gruppe ein tilhøyrer.

Til dette høyrer det også med at politiet eller andre styresmakter ikkje kan bruke tortur som metode for å avhøyre kriminelle.

Vern mot diskriminering

Alle skal ha høve til å delta i samfunnet, same kven ein er. Derfor er det eit demokratisk problem når nokre grupper blir utestengde, stigmatiserte eller på andre måtar blir diskriminerte.

Diskriminering er forboden ved lov. Anten det skjer på grunn av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing eller seksuell orientering.

Politisk deltaking

Demokrati skjer ikkje berre på valdagen kvart fjerde år. Demokratiet er avhengig av at folk deltek og vil påverke samfunnet også utanom val.

I Noreg er det ganske mange som deltek ved val, samanlikna med dei fleste land i verda. Det er viktig fordi det gir partia på Stortinget legitimitet.

Dersom få bruker stemmeretten sin, til dømes under halvparten, tyder det på at folk har låg tillit til dei som styrer politikken. Det kan svekkje demokratiet.

Det må gå an å påverke politikken

Men demokrati handlar om meir enn berre deltaking ved val. Det er også viktig at folk nyttar seg av sin rett til å seie frå om ting dei meiner bør endrast i samfunnet.

Det skal vere mogleg å påverke politikken i landet. Det kan gjerast på fleire måtar, til dømes gjennom å snakke med politikarar, delta i demonstrasjonar eller skrive kva ein meiner i ei avis eller på sosiale medium.

Ein kan påverke politikk åleine, men det er lettare å oppnå resultat om ein organiserer seg i ei gruppe.

Ungdommer demonstrerer utenfor Stortinget.
Politisk deltaking har inga aldersgrense. Her frå skulestreik for klima for nokre år sidan.
Foto: Natur og Ungdom
Illustrasjonsbilde over demokratiske kjennetegn: Valg og partier, maktfordeling, menneskerettigheter og politisk deltakelse.

Val og parti

  1. Kvifor er det viktig med frie og jamlege val i eit demokrati?
  2. I Noreg har me ganske mange parti i parlamentet (Stortinget) samanlikna med ein del andre land. Diskuter fordelar og ulemper med det.
1 / 4
Partilederne og fotografer i vandrehallen.
Foto: Stortinget