Valet er ditt - Læringsspel i klasserommet
Korleis ville Noreg sett ut dersom elevane dine fekk bestemme? Ville dei prioritert fleire lærarar i skolen eller meir synleg politi i gatene? Teke vare på naturen, senka bensinprisane?
Sjå ein kort video om Valet er ditt!
Om spelet
I «Valet er ditt» skal elevane ta val og gjere prioriteringar for framtidas Noreg. «Valet er ditt» bidreg til å nå kompetansemål i samfunnsfag og norsk og byggjer opp under det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Spelet er beregna for elevar på ungdomstrinnet.
Løysinga er nettbasert og enkel å ta i bruk. Det er ikkje nødvendig å bestille på førehand. Spelet inneber stor elevaktivitet og passar for mellom 6 og 35 elevar. Estimert tidsbruk er 90 minutt.
Lenger opp på siden, under «Til lærar», finn du ei utfyllande beskriving og lærerveiledning.