Av 169 representantar på Stortinget, kjem 100 frå partia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG. Det er dette fleirtalet som gir grunnlaget for ei raudgrøn regjering i dag.
Sjølv om det er nærast utenkjeleg at alle desse fem partia skal sitja i regjering saman, hadde dei til felles at dei heller ville støtte Støre enn Solberg som statsminister etter valet 2021.
I Noreg blir regjeringa danna av det eller dei partia som har støtte frå flest i Stortinget. Dette blir kalla parlamentarisme. Dermed låg alt til rette for at Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet skulle overta regjeringsmakta.