Om lokalval for vaksenopplæringa
Når og kor er valet?
Valdagen er måndag 11. september 2023. Valet føregår i alle kommunar og fylke i heile landet. Ofte blir det sett opp vallokale på skolar og i rådhus.
Kven kan stemme?
Du treng ikkje vere norsk statsborgar for å ha stemmerett i lokalval. Du må ha budd i Noreg i minst tre år, og du må vere minst 18 år. Du har også stemmerett dersom du fyller 18 år i valåret.
Det er ingen krav til utdanning, religion eller etnisk bakgrunn for å stemme ved val. Alle som har stemmerett, kan bli valde inn i kommunestyret eller fylkestinget.
Du vel sjølv kva for eit parti du vil stemme på. Alle val er hemmelege. Ingen får vite kva du har stemt.
Kva vel vi?
I dette valet vel vi kven som skal styre i kommunen og fylket der vi bur. I kommunestyret sit ordføraren og dei andre politikarane som bestemmer i kommunen. Dei har blant anna ansvaret for skolane, barnehagane og eldreomsorga.
I fylkestinget sit politikarar som bestemmer i fylket. Dei har for eksempel ansvaret for vidaregåande skolar, mange av vegane og tannhelsetilbodet.
Kva eller kven stemmer vi på?
I valet stemmer vi på parti. Før valet lagar partia lister med folk dei vil skal sitje i kommunestyret eller fylkestinget. Jo fleire stemmer partiet får, jo fleire personar får dei inn.
I partiprogramma står det kva dei meiner om ulike saker. Politikarane følgjer partiprogrammet til det partiet dei er medlemer av.
Før val er det valkamp. Då deler partia ut informasjon og fortel kva dei ønskjer å gjere dersom dei blir valde.
Når veit vi kven som har vunne?
Alt dagen etter valet er ganske mykje klart. Då veit vi nok kven som har fått plass i kommunestyret og fylkestinget. Men det kan ta litt lengre tid før det blir klart kva for nokre parti som skal leie, og kven som får ordføraren. Ofte må partia forhandle med kvarandre, og dette kan ta litt tid.