Gå til innhold/innhald
Ålesund sett fra luften.
Mykje av det som skjer i lokalsamfunn blir bestemt av lokalpolitikarane.
Foto: iStock/BriBar

Kva bestemmer politikarane der du bur?

Kvart fjerde år er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. Kva er dette, og korleis påverkar det deg?
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 60 min
  • VGS
  • 8.-10.

Lærerveiledning

Lokalt selvstyre er et viktig politisk prinsipp i Norge. La elevene utforske hvordan det påvirker dem!

Om opplegget

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevene skal bli bedre kjent med lokalpolitikk og kommunens inntekter og utgifter.

Forberedelser

Det er lurt å ha grunnleggende kjennskap lokalpolitikk og velferdstjenester før man løser oppgavene.

Gjennomføring

Sett av tid til at elevene får lese teksten i artikkelen. Nederst på siden finner du oppgaver som elevene kan jobbe med enten i par eller i grupper.

Oppgavene kan gjerne gjøres mer konkrete for å tilpasses lokale politiske forhold.

Har du tilgang på fritidsklubb eller idrettsaktivitetar der du bur? Er det trygt å sykla til skulen? Kan du velja mellom ulike studieretningar på vidaregåande skular i fylket ditt? Og kva skjer eigentleg med søpla di?

Dette er nokon ting som kommunen og fylket har ansvar for. Derfor har det mykje å seia for kvardagen din kven som bestemmer i kommunen!

Kva er kommunestyre- og fylkestingsval?

Kvart fjerde år er det kommunestyre- og fylkestingsval. Ofte blir det kalla berre lokalval. Då vel me kven som skal sitja i kommunestyret, nokre gonger kalla bystyret, og i fylkestinget.

Før valet lagar lokallaget til partia listar med kandidatar som dei vil ha inn i kommunestyret og fylkestinget.

Så er det opp til veljarane å stemma på den lista og dei kandidatane dei meiner bør vera med å bestemma i kommunen og fylket.

En rekke telt, eller valgboder, som representerer ulike partier står samlet i en gate.
På sommaren og hausten før eit val driv partia ein intens valkamp for å få flest mogleg veljarar.
Foto: Heiko Junge/NTB

Kommunestyret bestemmer over pengane i kommunen

Kommunestyret vedtek budsjettet for kommunen. Budsjettet er oversikta over inntektene og utgiftene til kommunen.

Ei viktig inntekt for kommunane er skatt. Ein vanleg type skatt i kommunen er eigedomsskatt. Dette inneber at ein må betala litt pengar til kommunen viss ein eig ein bustad som er verd meir enn eit visst beløp.

Men kommunestyret bestemmer også kva pengane skal brukast på, altså dei kommunale utgiftene. Desse går mellom anna til skular, eldreheim, fritidsaktivitetar til barn og ungdom og kollektivtilbod.

En ung kvinne ser ut igjennom vinduet på trikk nr. 18 i Oslo.
Lokalpolitikarane bestemmer mellom anna kvar og kor hyppig kollektivtrafikken skal gå.
Foto: Heiko Junge / NTB

Partia er ofte usamde om kva ein bør prioritera å bruka pengar på, og kvar pengane skal komma frå.

Kor mykje pengar kommunane tener, påverkar naturlegvis også kva tilbod kommunane kan gi innbyggjarane sine. Dessutan har kommunar ulike behov, avhengig av mellom anna storleik og geografi. Derfor kan det vera store forskjellar i tilboda i kommunar rundt om i landet.


Kor mykje pengar har eigentleg kommunar?

  • Noreg består av over 350 kommunar.
  • Desse varierer veldig i storleik, og har dermed også veldig ulike budsjett.
  • Oslo er den mest folkerike kommunen, med over 700.000 innbyggjarar. Utsira har lågast folketal, med litt over 200. Likevel skal alle kommunar tilby innbyggjarane sine dei same tenestene.
  • Politikarane i Oslo lagar eit budsjett på over 100 milliardar kroner, medan Utsira har eit budsjett på rundt 50 millionar (2024).

Kommunen har også eit formannskap

I tillegg til kommunestyret, har dei fleste kommunane eit formannskap. Formannskapet består av minst fem av dei faste medlemmene i kommunestyret, og éin av desse er ordføraren.

Ordføraren er den øvste politiske leiaren i kommunen, og leier møta til kommunestyret.

Formannskapet har mykje makt i kommunen. Dei lagar m.a. utkast til budsjettet for kommunen, og jobbar direkte med ulike saker i kommunen. Ofte er det faktisk formannskapet som tek dei viktigaste avgjerdene.

Nokre kommunar er litt annleis

Ikkje alle kommunar har formannskap. Bergen og Oslo har parlamentarisk styreform, som inneber at dei ikkje har formannskap, men byråd. Forholdet mellom bystyret og byrådet er lik forholdet mellom Stortinget og regjeringa.

Kommunane kan velja sjølv om dei ønskjer å ha formannskapsmodellen eller parlamentarisme.

Bystyremøte i Oslo Rådhus
Møte i bystyret i Oslo rådhus.
Foto: Sturlason/Oslo kommune

Kva er fylkestinget?

Fylkestinget liknar på kommunestyret i måten dei jobbar på og korleis dei er organiserte. Men fylka har eit anna ansvarsområde enn kommunane.

Til dømes er tannlegetenesta, vidaregåande skular, kulturtilbod og friluftsliv fylket sitt ansvar.