Om stortingsval for vaksenopplæringa
Alle som bur i Noreg blir påverka av det Stortinget bestemmer. Derfor er det viktig at det er folket som bestemmer kven som sit på Stortinget.
Det gjer vi kvart fjerde år. Då er det stortingsval.
Dei som sit på Stortinget, kallar vi stortingsrepresentantar. Å representere betyr å seie noko eller å vere med å bestemme på vegner av andre.
Valkamp
I vekene før eit stortingsval er det valkamp. Då vil partia fortelje folk om kva saker som er viktig for dei. Dei håpar at flest mogleg vil stemme på partiet.
Korleis stemmer ein?
For å stemme ved stortingsval må ein vere norsk statsborgar. Og ein må vere over 18 år. Viss du har bursdag etter valdagen, kan du likevel vere med å stemme.
Ein kan stemme på sjølve valdagen, eller ein kan stemme i vekene før valdagen. Det blir kalla å førehandsstemme.
Slik gjer du når du stemmer:
Foto: Sturlason/Oslo kommune
Eit nytt storting
Når vallokala stengjer, blir stemmene talde. Då finn vi ut kor mange representantar dei ulike partia får.
Til saman blir det valt 169 stortingsrepresentantar. Dei neste fire åra skal desse 169 bestemme korleis Noreg skal styrast. Dette er demokrati – folket bestemmer.
Stortinget har tre oppgåver:
- Vedta lover
- Vedta statsbudsjettet
- Kontrollere regjeringa
Kva med regjeringa?
Når vi veit kor store partia blir på Stortinget, må dei som vann danne regjering. Då må dei først snakke saman og forhandle for å sjå om dei kan bli samde om å sitje i regjering saman.
Regjeringas jobb er å foreslå politikk for Stortinget, og å gjere det Stortinget har bestemt.
No er det Arbeidarpartiet og Senterpartiet som sit i regjering. Jonas Gahr Støre er statsminister.