Gå til innhold/innhald
En valgurne
Foto: Tore Fjeld / Kommunal- og distriktsdepartementet

Korleis blir Stortinget valt?

Ein av grunnane til at me har såpass mange parti på Stortinget, er valreglane. Når mange parti er representerte, blir det nødvendig med samarbeid for å få fleirtal.
  • VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 min
  • VGS

Lærerveiledning

Tekst og oppgaver om valgsystemet vårt og hvilke konsekvenser det har for resultatet av stortingsvalg.

Om opplegget

Valgreglene har stor betydning for valgresultatet. Formålet med dette opplegget er å gi elever på videregående skole en innføring i valgsystemet vårt. Noen sentrale begreper i teksten er: forholdstallsvalg, utjevningsmandater og sperregrense.

Opplegget består av:

  • En artikkel som forklarer Norges valgsystem.
  • Oppgaver relatert til teksten.

Gjennomføring

Her er et forslag til hvordan opplegget kan gjennomføres i klasserommet:

  1. Les artikkelen.
  2. Gjør oppgavene individuelt eller i grupper.

Reglane for val blir kalla valordning. Desse fortel mellom anna kven som har rett til å delta i valet, korleis stemmer blir rekna om til representantar og kor mange valdistrikt me har.

Noreg er delt inn i 19 valdistrikt, og ein stemmer i det valdistriktet ein bur i. Dersom du bur ein annan stad enn der du er folkeregistrert, må du førehandsstemma før sjølve valdagen.

play-button

Sjå film om Noregs valdistrikt.

Valordninga i Noreg: Forholdstalsval

I Noreg har me det som blir kalla forholdstalsval. Det betyr at fleire representantar blir valde frå kvart valdistrikt.

Slik blir det samsvar mellom oppslutninga til partia og kor mange representantar dei får frå kvart distrikt. Dersom eit parti får 30 prosent av stemmene i eit valdistrikt, får dei rundt 30 prosent av plassane til distriktet på Stortinget.

Infografikk som viser Norges valgdistrikt med antall representanter: Finnmark 5, Troms 6, Nordland 9, Nord-Trøndelag 5, Sør-Trøndelag 10, Møre og Romsdal 8, Sogn og Fjordane 4, Hordaland 16, Rogaland 14, Vest-Agder 6, Aust-Agder 4, Oppland 6, Hedmark 7, Buskerud 8, Telemark 6, Oslo 20, Akershus 19, Vestfold 7, Østfold 9.
Når det er stortingsval, blir landet delt opp i 19 valdistrikt.
Illustrasjon: Stortinget

Det som avgjer kor mange representantar kvart valdistrikt får på Stortinget, er innbyggartal og arealet til distrikta. Dei 19 valdistrikta følgjer dei tidlegare fylkesgrensene.

Pulten til representant nummer 16 fra Hordaland i Stortinget.
Det nokså store og folkerike distriktet Hordaland har seksten pultar i stortingssalen ...
Foto: Stortinget
Pulten til representant nummer 4 fra Aust-Agder i Stortinget.
... medan Aust-Agder berre har fire.
Foto: Stortinget

Fleirtalsval

Flertallsvalg er ei anna valordning. Denne ordninga inneber at det partiet eller kandidaten som får flest stemmer i eit valdistrikt, får alle mandata i distriktet.

Både Storbritannia og USA har fleirtalsval. Her blir berre valt éin representant frå kvart valdistrikt til den lovgivande forsamlinga (tilsvarande Stortinget).

Den kandidaten med flest stemmer får valdistriktets einaste plass. Ingen andre kandidatar blir valde inn, sjølv om dei kan ha fått nesten like mange stemmer som vinnaren.

Westminster Palace
Det britiske parlamentet i London.
Foto: Wikimedia Commons

I land med fleirtalsval blir gjerne færre parti representerte i parlamentet, enn i land med forholdstalsval. Små parti risikerer å ikkje komma inn i det heile, fordi det berre er det største partiet som blir representert frå kvart distrikt.

Utjamningsmandat

Når resultatet av eit stortingsval er klart, blir først fordelte 150 av dei 169 seta i Stortinget til partia som fekk flest stemmer i kvart valdistrikt. Deretter blir 19 utjamningsmandat fordelte, eitt til kvart valdistrikt.

Desse går til dei partia som har fått «for få» representantar i den første fordelinga. For sjølv om valordninga vår skal sikra at partia får eit rettferdig tal representantar på Stortinget, oppstår det skeivskapar.

Eit parti kan til dømes få relativt mange stemmer nasjonalt, men ikkje mange nok i enkelte fylke til å få inn «rett» talet på representantar gjennom den første fordelinga.

Utjamningsmandata skal jamna ut desse skeivskapane og sørgja for at storleiken på partia på Stortinget i større grad samsvarer med stemmene til veljarane i valet.

Illustrasjon som viser hvor stor andel av partienes stortingsrepresentanter som ble valgt inn som utjevningsmandater. Fire partier fikk utjevningsmandater i 2021: Rødt: 4 av 8, SV 6 av 13, Venstre 5 av 8, FrP: 4 av 21.
Etter valet i 2021 vart dei 19 utjamningsmandata fordelte på fire parti. Utan utjamningsmandat ville til dømes Venstre berre hatt 3 representantar på Stortinget.
Illustrasjon: Stortinget
Oversikt over partienes andel av de 169 representantene på Stortinget. Rødt: 8, SV: 13, Arbeiderpartiet: 48, Senterpartiet: 28, MDG: 3, Pasientfokus: 1, KrF: 3, Venstre: 8, Høyre: 36, FrP: 21.
Når utjamningsmandata er fordelte, blir gruppene til partia på Stortinget meir i tråd med det veljarane har ønskt.
Illustrasjon: Stortinget

Sperregrense

For å vera med i kampen om utjamningsmandat må partia få minst fire prosent av stemmene til alle veljarane i Noreg. Det er dette som blir omtalt som sperregrensa.

Det er knytt stor spenning til om dei små partia kjem over sperregrensa eller ikkje. Sjølv om eit parti kan komma inn på Stortinget med lågare oppslutning, vil dei få inn betydeleg fleire representantar dersom dei passerer firetalet.

Stolpediagram som viser hvor nær partiene Rødt, MDG, KrF og Venstre var sperregrensa på 4 % ved valget i 2021. Rødt: 4,7 %, MDG 3,9 %, KrF 3,8 % og Venstre 4,6 %.
Få stemmer kan avgjera mykje! MDG var til dømes rundt 2500 stemmer unna sperregrensa. Då ville dei fått 6 eller 7 representantar, i staden for berre 3.
Illustrasjon: Stortinget

Få stemmer kan vera avgjerande i kampen for å komma over sperregrensa. Ved valet i 2021 fekk Venstre totalt 137 000 stemmer, medan KrF fekk 113 000. Likevel fekk Venstre meir enn dobbelt så mange representantar som KrF, fordi Venstre kom over sperregrensa.

Guri Melby og Kjell Ingolf Ropstad i vandrehallen.
Guri Melby (Venstre) og Kjell Ingolf Ropstad (Kristelig Folkparti) kjempet begge for å komme over sperregrensa ved forrige valg. Bare en av de klarte det.
Foto: Stortinget

Oppgåver

1. Kor mange stortingsrepresentantar er valde inn frå der du bur? Kva parti kjem dei frå? 2. Kva parti har fått flest stemmer i valdistriktet ditt? Kvifor trur du nettopp dette partiet har fått flest stemmer der du bur? 3. Korleis hengjar omgrepa utjamningsmandat og sperregrense saman? 4. Ved valet i 2021 fekk Pasientfokus berre 0,2 % av stemmene i landet, men fekk likevel inn ein representant på Stortinget. Kvifor? 5. Korleis kan Noregs valordning forklara at me har fleire parti i nasjonalforsamlinga enn til dømes USA? 6. På kva måte påverkar valreglane våre det norske demokratiet?

Partilederne og fotografer i vandrehallen.
Foto: Stortinget
Partilederne og fotografer i vandrehallen.
Foto: Stortinget