Om opplegget
Dialogdukene er ei øving i munnlege ferdigheiter og kritisk tenking. Dei kan brukast både som introduksjon og avslutning til eit tema, og dei kan tilpassast ulike elevgrupper og enkeltelevar.
Dialogdukene er knytt til ulike saker som er aktuelle i stortingsvalet 2025. Det finnes ni ulike dialogdukar for ulike tema. Du vurderer om du vil la alle elevane jobbe med same dialogduk, eller la dei ulike gruppene velje.
Framgangsmåte
Elevene sit i grupper på fire, og får delt ut ein dialogduk med eit spørsmål i midten. På baksida står ei beskriving av oppgåva til elevane.
I kvart hjørne på duken står det skriven ein påstand som svarer på spørsmålet. Kvar elev fordjupar seg i éin påstand, i ein researchfase på ca. 1 skuletime. Her skal dei bruke kjelder til å finne argument som underbyggjer påstanden deira.
Elevane får delt ut kvart sitt hjelpeark til å notere argument for påstanden, og kjelder.
Last ned hjelpearket her (word).
Kjelder kan t.d. vere nyheitsartiklar, nettsidene til organisasjonar, eller debattprogram. Andre ressursar på stortinget undervisning kan også vere nyttige, sjå forslag nedst.
Etter researchfasen presenterer elevane i gruppa argumenta for kvarandre. Resten av gruppa lyttar og stiller oppfølgingsspørsmål.
Når alle på gruppa har presentert påstandane og argumenta sine, skal gruppa diskutere. Dei tek utgangspunkt i argumenta som har vorte presenterte, og stiller kritiske spørsmål til både sine eigne og dei andres påstandar.
Etter diskusjonen skal elevane rangere påstandane frå minst til mest samd, og grunngi kvifor. Til slutt kan de ta ein gjennomgang i klasserommet.
Relaterte ressursar
Dialogdukene kan supplerast med andre av undervisningsressursane våre. Her er nokre forslag: