
100 viktige spørsmål i norsk politikk
Kva er viktig for deg?
Nokre politiske spørsmål er store, andre er små. Noko politikk synest veldig godt, medan noko er nesten usynleg. Til saman er samfunnet fylt av hundrevis av politiske spørsmål, som politikarane bestemmer over.
Alle politikarar vil gjere samfunnet betre, men er ofte usamde om korleis. Kva er den mest rettferdige fordelinga av gode og byrder? Kva tiltak er nødvendige for å oppnå det ein ønskjer seg?
I menyen over kan du klikke på ulike politikkområde, for å lære meir om desse.
Kva er viktigast for deg?
Sjølv om dei aller, aller fleste seier at dei gjerne vil bruke stemmeretten sin, lèt ganske mange vere å stemme når det er val i Noreg. Særleg blant unge er valdeltakinga lågare enn mellom anna.
Nokre av dei vanlegaste grunnane til at folk lèt vere å stemme, er fordi ein synest det er vanskeleg å forstå politikk, eller fordi ein ikkje ser forskjell på partia.
For å komme over denne terskelen, kan det vere nyttig å spørje kva som er viktig for deg? Kva saker bryr du deg mest om?


Når du vel fag på skulen, gjer du det anten ut frå kva du er interessert i, eller kva du trur er fornuftig. Sånn bør du tenkje ved val av parti òg. Då hjelper det å kunne litt om politikk for å ha nokre knaggar å hengje bodskapen i partia på.
Ingen parti er perfekte
Ingen er samde med eit parti i absolutt alt. «Det perfekte partiet» finst ikkje. Før eit val lagar alle partia eigne partiprogram. Her ramsar dei opp det dei meiner om alle saker dei trur kan vere viktige for veljarane.
Partiprogramma er ofte over 100 sider lange. Men du treng ikkje lese alle partiprogram for å velje kva parti du vil stemme på!
Dei aller fleste vel parti ut frå nokre saker dei er spesielt opptekne av, til dømes innvandring, miljø eller skule.
Om ein ventar med å velje parti eller partnar til ein er sikker på å ha funne den perfekte, endar ein ofte opp både singel og partilaus.
Kva saker du er mest opptekne av, kan variere frå val til val. Det kjem an på kva saker som får mest merksemd i media og kva livsfase du er i, altså om du bur heime, studerer eller har familie.
Faktisk pleiar så mange som 30-40 % av alle veljarar å byte parti frå eit val til det neste. Det er med andre ord ikkje sånn at du låser deg til eit parti berre fordi du har stemt på dette éin gong.
Oppgåve: Kva for nokre politiske saker er viktigast for klassen?
I denne oppgåva skal de finne ut kva for nokre politiske saker som er viktigast for klassen, og diskutere kvifor akkurat desse.
- Alle i klassen rangerer kva tre saker dei synest er dei viktigaste. Ta gjerne utgangspunkt i lista over tema på denne sida. Læraren tel opp resultatet.
- Kvifor trur de resultatet vart akkurat sånn? Hengjer resultatet saman med kva alder de har, der de bur, kva saker som får mykje merksemd i media, eller andre ting?
- Kva er viktigast når ein skal stemme? Bør ein ta omsyn til det som er best for seg sjølv, eller kva ein trur samfunnet er best tent med?
