
Valet er ditt – læringsspel på Stortinget
I Valet er ditt skal elevane sjølv vere politikarar. Elevane gjer val og prioriteringar for framtidas Noreg, og får øvd seg på argumentasjon og debatteknikk.
Valet er ditt bidreg til å nå kompetansemål i samfunnsfag og norsk, og byggjer opp under det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap.
Spelet finst både på Stortinget og som klasseromsversjon. Dei to versjonane av spelet er like. Vi tilrår derfor at klassar som skal til Stortinget for å spele Valget er ditt ikkje gjer det i klasserommet i tillegg.
Foto: Stortinget
Korleis søkje om plass?
Søknad om plass må gjerast på nett, innanfor i ein avgrensa periode. Vi behandlar éin søknad per klasse. Du får svar på søknaden din 7-10 dagar etter utløpet av fristen.
Etterspurnaden er større enn tilbodet vi har tilgjengeleg. Vi kan derfor ikkje garantere at alle som søkjer får plass.
Reisetilskot
Klasser med lang reiseveg kan søkje om reisetilskot. Søknad om reisetilskot blir gjord i same skjema som søknad om plass. Lærar har sjølv ansvar for å setje seg inn i regelverket.
Geografisk spreiing av plassar
For at tilbodet vårt skal vere tilgjengeleg for elevar over heile landet, blir plassane fordelte per fylke ut i frå elevtal.
Når fristen for å søkje om plass i læringsspel og reisetilskot har gått ut, blir plassane fordelte og reisetilskotet. Skulane får beskjed om søknaden er innvilga eller avslått.
Tildeling av dato/tid
Når fleire søkjar om same dato/tid, gjer vi loddtrekking. De kan derfor bli tildelte ein annan dato/tid enn de har søkt om.
Datoen de blir tildelte er endelege. Ønskjer de ein annan dato, må de kansellere besøket og bestille ny tid på nettsida.
Kven kan delta?
- Valet er ditt er for ungdom som er elevar på 8.-10. trinn.
- Deltaking krev gode norskkunnskapar.
- Talet på elevar må vere minst 10 og maks 32 for å kunne spele.
det samla talet på personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34.
Kor lang tid tek det?
- Besøket varer i omtrent 2 timar og 30 minutt, inkludert tryggleikskontroll, omvising og læringsspel.
- Eit besøk i Valget er ditt inkluderer ei omvising i stortingsbygningen og stortingssalen.
Førebuingar
- Det er ein fordel om elevane har noko kunnskap om Stortingets oppgåver.
Spelet krev at elevane deltek aktivt. Elevane bør førebuast på dette.
Praktisk informasjon
Du må setje deg inn i ein del praktisk informasjon knytt til mellom anna tryggleikskontroll, og andre reglar som gjeld ved besøk.
Valet er ditt utanom søknadsrunde
Plasser som blir avbestilt kan bestillast etter førstemann til mølla-prinsippet. Det er ikkje mogleg å søkje om reisetilskot, då fristen har gått ut. Trykk på eit ledig tidspunkt og du kjem til eit skjema.
Når du har sendt inn skjemaet, skal du få ei stadfesting på at skjemaet er motteke. Dersom så ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.