Gå til innhold

Reisetilskot

Skal de søkje om plass i eit læringsspel? Då kan de også søkje om reisetilskot, dersom reisevegen er lang!

Skuleklassar på ungdomssteget og i vidaregåande skule som har fått stadfesta plass i eit av Stortingets læringsspel, kan søkje om økonomisk tilskot. Tilskotet er berekna på dei med lang reiseveg.

Alle søknader må sendast via nettsidene våre for Demo og Valget er ditt. Reisetilskotsordninga gjeld ikkje ved deltaking på omvisingar.

Søknadsfristar for skuleåret 25/26

  • Frå 2.-6. juni kan du søkje om plass i læringsspel og reisetilskot for perioden 25. august-14. november 2025.
  • Frå 11.-15. august kan du søkje om plass i læringsspel og reisetilskot for perioden 17. november 2025-13. februar 2026.
  • Frå 5. januar 2026 kl. 08.00 til 9. januar 2026 kl. 12.00, kan du søkje om plass i Demo og reisetilskot i perioden 16. februar-29. mai 2026.

Viktig om reisetilskot

  • Vel rimelegast mogleg reise og overnatting.
  • Overnatting blir berre refundert dersom det er vanskeleg å gjennomføre tur/retur Oslo på same dag. At de gjer andre aktivitetar utover stortingsbesøket, utløyser ikkje krav om refusjon for overnatting.
  • Viss elevar/lærarar må avbestille besøket og reisa, kan det ikkje krevjast refusjon for den eller dei som ikkje kan delta. kvar enkelt må i så tilfelle ta det med forsikringsselskapet sitt.
  • Det er ditt eige ansvar for å setje deg inn i regelverket.

Reglement for reisetilskot til skuleklassar

Innhald

  1. Virkeområde og formål
  2. Geografisk fordeling og satser for tilskuddet
  3. Kva tilskotet skal brukast til
  4. Prioritering av søknader
  5. Søknadsfristar
  6. Utbetaling av tilskot
  7. Avbestilling eller kansellering av besøk
  8. Klager
1 / 9
Skulptur av en løve
Foto: Stortinget

Søk om plass og reisetilskot i same skjema

Når du søkjer om plass i eit læringsspel innanfor ein av dei årlege søknadsrundane, kan du huke av for at de også søkjer om reisetiskot i same skjema. Du får svar på både søknad om plass i læringsspel og reisetilskot samtidig.

Ingen garanti

Det er mange søkjarar i kvar søknadsrunde, så det er ingen garanti for å få innvilga reisetilskot sjølv om klassen har fått stadfesta plass i eit læringsspel. Derfor tilrår vi at de ikkje bestiller billettar eller overnatting før de får stadfesta at både plass og tilskot er innvilga.

Du må søkje innan fristen

Læringsspill som blir avbestilt, blir opna for bestilling etter førstemann til mølla-prinssippet. Ver derfor merksam på at dersom du bestiller plass i eit læringsspel utanom søknadperiodene, kan du ikkje søkje om reisetilskot.