Gå til innhold

Omvisning for vidaregåande skular

Ta med klassen på omvising i Noregs nasjonalforsamling!
  • VGS
  • Omvisning på Stortinget
  • 90 Min
  • VGS

Kva lærer elevane gjennom ei omvisning?

Unge er ein viktig del av det norske demokratiet og møtet med Stortinget skal vere ei spennande og lærerik oppleving.

Elevane lærer korleis Stortinget fungerer, kva som er forskjell på Storting og regjering og korleis dei sjølv kan delta i demokratiet. Dei får også kjennskap til historiske hendingar knytt til Stortinget.


Nokre tema vi ofte snakkar om:

  • Stortingets oppgåver
  • parlamentarisme
  • maktfordeling
  • partia og stortingsrepresentantanes kvardag
  • rolla til pressa i demokratiet
  • historiske hendingar
  • korleis elevane sjølv kan delta i demokratiet

Nøyaktig kva vi snakkar om og korleis runden på huset blir, avheng både av kva som skjer på Stortinget den dagen og forkunnskapane til elevane.

Stortingssalen sett ovenfra. Det er møte i salen, og det sitter folk på plassene
Trygve Slagsvold Vedum intervjues i vandrehallen
Eidsvollsgalleriet
Alle omvisingar besøkjer stortingssalen. Dersom det er møte i salen, får gruppa sjå på frå galleriet.
Foto: Stortinget

Tidsbruk og talet på deltakarar

Besøket varer i cirka 1,5 timar (inkludert tryggleikskontroll). Det må vere minst 10 elevar for å bestille omvising. det samla talet på personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34.

Førebuingar

Det er ein fordel om de bruker litt tid på å snakke om Stortinget i forkant av besøket. Bruk gjerne våre undervisningsressuser for elevar på vidaregåande skole.

Du må setje deg inn i ein del praktisk informasjon knytt til mellom anna tryggleikskontroll, og andre reglar som gjeld ved besøk.

Bestill omvising

Stortinget tilbyr omvisingar gjennom heile skuleåret, frå august til juni.

Pågangen er svært stor, og du kan difor oppleve at det ikkje finst ledige tidspunkt. Vi har ingen andre ledige tidspunkt enn dei du finn på nettsida.

Du kan bestille omvising 60 dagar fram i tid. Nye tidspunkt blir publiserte fortløpande kvar dag klokka 08.00.

Trykk på eit ledig tidspunkt, så kjem du til eit skjema. Når du har sendt inn skjemaet, skal du få ei stadfesting på at skjemaet er motteke. Dersom det ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.