
Omvisning for vaksenopplæringa
Kva lærer elevane gjennom ei omvising?
Elevane lærer om Stortingets rolle i det norske demokratiet og korleis ein sjølv kan delta i demokratiet. Dei skal få ei oppleving av eigarskap til Stortinget, tilhøyrsel og tillit til det norske demokratiet.
Nøyaktig kva vi snakkar om og korleis runden på huset blir, avheng både av kva som skjer på Stortinget den dagen og forkunnskapane til elevane.
Foto: Stortinget
Tidsbruk og talet på deltakarar
Besøket varer i cirka 1,5 timar (inkludert tryggleikskontroll). Det må vere minst 10 elevar for å bestille omvising. det samla talet på personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 30.
Språknivå
For å få utbytte av omvisinga bør gruppa ha minst språknivå B1, og ha snakka litt om Stortinget og norsk politikk på førehand. Utover det vil omvisinga tilpassast kunnskaps- og språknivået til elevane. Deltakarar i same gruppe bør ha likt språknivå.
Ta kontakt med oss dersom du ønskjer ei omvising for grupper med lågare språknivå, der de har med eigen tolk: formidling@stortinget.no.
Førebuingar
Det er ein fordel om de bruker litt tid på å snakke om Stortinget i forkant av besøket. Bruk gjerne våre undervisningsressuser for elevar i vaksenopplæringa.
Du må setje deg inn i ein del praktisk informasjon knytt til mellom anna tryggleikskontroll, og andre reglar som gjeld ved besøk.
Bestill omvisning
Stortinget tilbyr omvisninger gjennom hele skoleåret, fra august til juni.
Pågangen er svært stor, og du kan derfor oppleve at det ikke finnes tilgjengelige tider. Vi har ingen tilgjengelige tider utover de du finner på nettsiden.
Du kan bestille omvising 60 dagar fram i tid. Nye tidspunkt blir publiserte fortløpande kvar dag klokka 08.00.
Trykk på eit ledig tidspunkt, så kjem du til eit skjema. Når du har sendt inn skjemaet, skal du få ei stadfesting på at skjemaet er motteke. Dersom det ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.




