
Omvisning for ungdomsskular
Kva lærer elevane gjennom ei omvisning?
Unge er ein viktig del av det norske demokratiet og møtet med Stortinget skal vere ei spennande og lærerik oppleving.
Elevane lærer korleis Stortinget fungerer, kva som er forskjell på Storting og regjering og korleis dei sjølv kan delta i demokratiet. Dei får også kjennskap til historiske hendingar knytt til Stortinget.
Nøyaktig kva vi snakkar om og korleis runden på huset blir, avheng både av kva som skjer på Stortinget den dagen og forkunnskapane til elevane.
Foto: Stortinget
Tidsbruk og talet på deltakarar
Besøket varer i cirka 1,5 timar (inkludert tryggleikskontroll). Det må vere minst 10 elevar for å bestille omvising. det samla talet på personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34.
Førebuingar
Det er ein fordel om de bruker litt tid på å snakke om Stortinget i forkant av besøket. Bruk gjerne våre undervisningsressuser for elevar på ungdomssteget.
Du må setje deg inn i ein del praktisk informasjon knytt til mellom anna tryggleikskontroll, og andre reglar som gjeld ved besøk.
Bestill omvising
Stortinget tilbyr omvisingar gjennom heile skuleåret, frå august til juni.
Du kan bestille omvising 90 dagar frami tid. Nye tider blir fortløpande publisert kvar dag kl. 08.00.
Pågangen er svært stor, og du kan derfor oppleve at det ikkje finst tilgjengelege tider på nettsida. Vi har ingen tilgjengelege tider utover dei du finn på nettsida.
Trykk på eit ledig tidspunkt og du kjem til eit skjema. Når du har sendt inn skjemaet, skal du få ei stadfesting på at skjemaet er motteke. Dersom så ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.