Omvisning for 1.-4. trinn
Stortinget ønskjer å bidra til at dei yngste barna blir aktive deltakarar i demokratiet. Barns første møte med Stortinget skal derfor vere ein spennande, lærerik og god oppleving.
Alle bestillingar av omvisning må gjerast på www.stortinget.no.
Kva lærer elevane gjennom ei omvisning?
I løpet av besøket får elevane lære Stortinget å kjenne og Grunnlova. Vi snakkar med elevane om Grunnlova og 17. mai, kva Stortinget er og kva som går her føre seg.
I løpet av omvisninga besøkjer vi fleire av Stortingets viktigaste og flottaste rom. Viss det er stortingsmøte, sit vi ei kort stund på publikumsgalleriet og følgjer møtet. Viss det ikkje er stortingsmøte, går vi inn i sjølve stortingssalen.