Gå til innhold

Læringsspelet Demo

Får statsbudsjettet fleirtal? Kva lover blir vedtekne? Og blir regjeringa sitjande? Dette er opp til elevane, når dei speler Demo.
  • VGS
  • Læringsspel
  • 210 Min
  • VGS

I Demo trer elevane inn i rolla som stortingsrepresentantar. Dei blir delte i parti, basert på eigne meiningar, vel hjartesakene sine, stiller til val, og prøver å få gjennomslag for politikken sin.

Demo gir elevar i vidaregåande skule større forståing for forholdet mellom Stortinget og regjeringa, og korleis dei sjølv kan delta i demokratiet. 

Læringsspelet svarer til kompetansemål i samfunnskunnskap og det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap, og elevane får trening i munnlege ferdigheiter.

Elevere ser og peker på en skjerm.
Elever går i en korridor.
Elever sitter ved pulter i en modell av stortingssalen.
I Demo blir elevane delte inn i parti. Dei bestemmer kva partia skal stå for, og stiller til val. Nokon får rolla som regjeringsparti, medan resten blir opposisjon.
Foto: Stortinget

Korleis søkje om plass?

Søknad om plass må gjerast på nett, innanfor i ein avgrensa periode. Vi behandlar éin søknad per klasse. Du får svar på søknaden din 7-10 dagar etter utløpet av fristen. 

Etterspurnaden er større enn tilbodet vi har tilgjengeleg. Vi kan derfor ikkje garantere at alle som søkjer får plass.


Søknadsfristar for skuleåret 2025/2026

  • Frå 5. janauar 2026 kl. 08.00 til 9. januar 2026 kl. 12.00, kan du søkje om plass i Demo og reisetilskot i perioden 16. februar til 29. mai 2026.
  • Fristen for å søkje om plass for hausten 2025 til midten av februar 2026 har gått ut.

Reisetilskot

Klasser med lang reiseveg kan søkje om reisetilskot. Søknad om reisetilskot blir gjord i same skjema som søknad om plass. Lærar har sjølv ansvar for å setje seg inn i regelverket.

Geografisk spreiing av plassar

For at tilbodet vårt skal vere tilgjengeleg for elevar over heile landet, blir plassane fordelte per fylke ut i frå elevtal.

Når fristen for å søkje om plass i læringsspel og reisetilskot har gått ut, blir plassane fordelte og reisetilskotet. Skulane får beskjed om søknaden er innvilga eller avslått.

Tildeling av dato/tid

Når fleire søkjar om same dato/tid, gjer vi loddtrekking. De kan derfor bli tildelte ein annan dato/tid enn de har søkt om. 

Datoen de blir tildelte er endelege. Ønskjer de ein annan dato, må de kansellere besøket og bestille ny tid på nettsida.

Kven kan delta?

  • Demo er for ungdom som er elevar i vidaregåande skule.
  • Deltaking krev gode norskkunnskapar.
  • Spelet passar både for elevar på studiespesialisering og yrkesfag.
  • Talet på elevar må vere minst 10 og maks 32 for å kunne spele. For best speldynamikk tilrår vi minst 18 elevar.
  • Det samla talet på personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34.

Kor lang tid tek det?

  • Besøket varer i omtrent 3 timar og 15 minutt, inkludert tryggleikskontroll, omvising og læringsspel.
  • Eit besøk i Demo inkluderer ei omvising i stortingsbygningen og stortingssalen.

Førebuingar

Det er ein fordel om elevane har noko kunnskap om Stortingets oppgåver og forholdet mellom Stortinget og regjeringa.

Du må setje deg inn i praktisk informasjon

Du må setje deg inn i ein del praktisk informasjon knytt til mellom anna tryggleikskontroll, og andre reglar som gjeld ved besøk.

Søknadsfristen har gått ut

Fristen for å søkje om plass i Demo for våren 2026 gjekk ut 9. januar kl. 12.00.