Lærarkurs for 8.–10. og VGS
Kvar haust arrangerer Stortinget kurs i stortingskunnskap og politikk for lærarar på ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Neste kurs blir halde i november 2025.
Kva får du på kurset?
Som deltakar får du oppleve Stortinget frå innsida. Du får sjå Stortingets spørjetime frå publikumsgalleriet, og høyre politikarar og andre ekspertar fortelje om Stortingets oppgåver og samfunnsrolle.
Foredraga omhandlar mellom anna Stortingets lovarbeid, budsjettarbeid og kontrollfunksjon.
Kven kan delta?
Kurset er ope for lærarar i samfunnsfag og historie på ungdomstrinnet og vidaregåande skule.
Å delta på kurset er gratis. Stortinget dekkjer reiseutgifter for lærarar busett utanfor Oslo. Andre utgifter, som til dømes overnatting, må deltakarane eller skulen dekkje sjølv.
Kurset går over tre dagar, og vi føreset at deltakarane kan delta alle dagar. Vi legg til grunn jamn geografisk spreiing ved tildeling av plassar.
Påmelding opnar sommar/haust 2025