Gå til innhold/innhald
Skulptur av en løve
Foto: Stortinget

Kurs for lærarar i vaksenopplæringa

Velkommen til Stortingets lærarkurs!
  • VO
  • Kurs
  • VO

Stortinget arrangerer kurs i stortingskunnskap og politikk for lærarar i vaksenopplæringa 19. og 20. mars 2025.

Påmeldinga opnar 3. januar, med frist 31. januar. Plassane blir fordelte med omsyn til geografisk spreiing.

Kva får du på kurset?

Som deltakar får du oppleve Stortinget frå innsida. Du får sjå Stortingets spørjetime frå publikumsgalleriet, og høyre politikarar og andre ekspertar fortelje om Stortingets oppgåver og samfunnsrolle.

Foredraga omhandlar mellom anna Stortingets lovarbeid, budsjettarbeid og kontrollfunksjon.

Kven kan delta?

Kurset er ope for lærarar som underviser minoritetesspråklige vaksne. Kurset går over to dagar og er gratis. Stortinget dekkjer reiseutgifter etter rimelegaste reisemåte for deltakarar busett utanfor Oslo.

Andre utgifter, som til dømes overnatting, må deltakarane eller skulen dekkje sjølv.