Om partia for ungdomsskulen
I eit demokrati er det viktig at det finst fleire alternativ å stemme på når det er val. På Stortinget er det i dag 10 parti.
Partia har ofte ulike meiningar om kva som er dei beste løysingane på problem i samfunnet. Når det er val, stemmer ein på det partiet ein er mest samd med.
Partiblokker
Ofte plasserer ein partia på venstresida, høgresida eller i sentrum for å vise kor samde eller usamde dei er med kvarandre. Dette blir kalla ofte partiblokker.
Det er likevel ikkje alltid så enkelt som at partia som tilhøyrer same blokk er samde om alt, og usamde med partia frå andre blokkar. Til dømes finst det parti både på høgresida og venstresida som er veldig opptekne av klima og miljø.
Veldig ofte samarbeider også partia på venstre- eller høgresida med parti i sentrum. Til dømes samarbeider Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering i dag.
Trykk på pluss-teikna for å lese meir om dei ulike blokkene i norsk politikk:
Ingen har reint fleirtal
I Noreg er det utenkjeleg at noko parti skal få fleirtal åleine på Stortinget. Så sjølv om Høgre og Arbeidarpartiet ofte har vore dei største partia, har dei likevel vore avhengig av å samarbeide med andre parti å sikre fleirtal.
I tillegg til dei ni partia over, vart Pasientfokus valt inn på Stortinget med éin representant i 2021. Pasientfokus stilte berre til val i Finnmark, hovudsaka deira er å få sjukehus til Alta.
Oppgåver
Svar på spørsmåla under i små grupper eller individuelt.
- Partia blir plasserte på venstresida, høgreside og sentrum med utgangspunkt i økonomisk politikk. Teikn ei linje og plasser partia frå venstre til høgre.
- Skriv ned éi sak du knyter til kvart av partia på Stortinget.
- I det norske Stortinget sit det relativt mange politiske parti. Diskuter fordelar og ulemper ved å ha mange ulike parti representert i eit parlament.