Gå til innhold/innhald
Tonje Brenna taler til Arbeiderpartiets landsmøte.
Tonje Brenna held eit innlegg på eit møte hos Arbeidarpartiet.
Foto: Arbeiderpartiet

Korleis jobbar partia?

Partia er ein viktig del av demokratiet vårt. Men kven bestemmer eigentleg kva eit parti skal meina?
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • 10 min
  • VGS
  • 8.-10.

Eit parti er ein organisasjon som jobbar for å finna politiske løysingar på utfordringar i samfunnet. Dei ønskjer makt og innverknad der politiske avgjerder blir tekne, til dømes i Stortinget.

Når me stemmer ved val, stemmer me på eit parti. I Noreg finst det mange ulike parti å stemma på.

Partier står på stand under en valgkamparrangement.
Foto: Mona Hauglid/Arendalsuka

Partia jobbar både nasjonalt og lokalt

Partia jobbar ikkje berre på Stortinget eller i regjeringa. Dei fleste parti har medlemmer over heile landet.

Partia har lokallag i både fylke og kommunar. Medlemmene i lokallaga møtest for å diskutera saker som er viktige for partiet både lokalt og nasjonalt.

Dei som er medlemmer i same parti, har til felles at dei har like meiningar i mange politiske spørsmål. I enkelte saker kan det likevel vera ganske stor usemje internt i eit parti. Ikkje minst kan medlemmer frå ulike lokallag vera usamde med kvarandre.

Nokre månader før eit val, arrangerer partia landsmøte. Der deltek medlemmer frå heile landet. Dei diskuterer kva slags politikk partiet skal jobba for, og kva partiet skal meina i ulike politiske spørsmål.

Erna Solberg står på en talerstol
Erna Solberg taler under Høgres landsmøte i 2023.
Foto: Høyre
Tre personer holder opp en stemmeseddel med et tall på
På landsmøtet stemmer partiet over ulike saker til partiprogrammet.
Foto: Høyre

Kva er eit partiprogram og kvifor er det viktig?

Partia samlar alle standpunkta sine i eit partiprogram. Her står det kva partia meiner i alle tenkjelege spørsmål, til dømes innvandring, miljø, skule og så vidare.

Partiprogrammet fungerer som ein slags kontrakt mellom partiet og veljarane. Kontrakten slår fast kva partiet skal meina og kjempa fór i konkrete politiske saker.

Partiprogrammer ligger utover et bord.
Alle partia lagar partiprogram før eit stortingsval.
Foto: Stortinget

For veljarane gjeld det å finna det partiet som ein er mest samd med i dei sakene som er viktigast for seg. Veldig få finn eit parti som ein er samd med i alle saker. Sjølv ikkje politikarar er samde med sitt eige parti i alle absolutt saker.

Folka avgjer kor mykje maka eit parti får

Kor mange og kva for nokre av sakene frå partiprogrammet partia kan få gjennomslag for, blir avgjorde av kor mange stemmer partiet får i valet.

Et valgavlukke med stemmesedler for partiene fordelt i mindre hyller.
Foto: Sturlason/Oslo kommune

Det er valresultatet som avgjer kor mange representantar dei får på Stortinget eller i kommunestyret. Dette er heilt avgjerande for kor stor makt og innverknad partiet vil ha framover.

Parti må ofte samarbeida med kvarandre

Det er også viktig å vera klar over at nokre saker i partiprogrammet er viktigare for partia enn andre. På Stortinget er det ingen parti som får fleirtal åleine. Derfor må dei samarbeide og inngå kompromiss.

En mann står på talerstolen. Bak mannen er det en plakat med teksten: høyre pluss venstre er lik sant
Abid Raja frå Venstre held ein tale om samarbeid på Høgres landsmøte i 2023.
Foto: Høyre

Då forhandlar partia seg imellom for å finna løysingar dei kan godta saman. Det inneber ofte at nokon må «gi frå seg» saker dei har skrive i partiprogrammet, til fordel for å få gjennomslag for andre.

Samtidig må partia vera forsiktige med å gjera det for mykje. Då risikerer dei å bli straffa av veljarane ved neste val, ved at veljarane deira ikkje stemmer på partiet igjen.