Gå til innhold
Sylvi Listhaug blir intervjuet på vei inn i Stortinget.
Foto: Morten Brakestad

Kva gjer pressa?

Korleis får vi eigentleg vite kva som skjer i samfunnet? Pressa har ei viktig rolle i demokratiet.
  • Tekst
  • 45 Min
  • 5.–7.

Kva er pressa? 

Med pressa meiner vi journalistar og fotografar. Dei lagar saker for tv, radio og aviser. Media og pressa er det same. 

Vandrehallen på Stortinget. Mange journalister og fotografer står bak et rødt sperrebånd.
Journalistar og fotografar ventar på partileiarane etter valet i 2025.
Foto: Morten Brakestad

Pressa fortel om kva som skjer 

Pressa finn informasjon om ting som går føre seg i samfunnet og fortel dette til folket. På Stortinget er det ofte mykje presse til stades

Viss Stortinget vedtek ei ny lov, vil journalistane intervjue politikarar og skrive om den nye lova. På denne måten bidrar pressa til at vi som bur i landet, er informerte om kva som føregår. Det er ei viktig oppgåve.

En kvinne kommer ut av stortingssalen. Masse pressefolk står og venter på henne.
Foto: Simen Prestaasen / Stortinget

Pressa følgjer nøye med 

Pressa jobbar tett på politikarane og kan stille kritiske og vanskelege spørsmål i tv-sende intervju. Dette kan bidra til at politikarar er ekstra forsiktige med korleis dei snakkar og oppfører seg. 

En mann og en dame blir intervjuet.
Foto: Arendalsuka / Mona Hauglid
En kvinne blir intervjuet og filmet.
Foto: Jeppe Frederiksen / Stortinget

Pressa er ein kanal for ytringsfridom 

I Noreg har vi stemmerett frå vi er 18 år. Men du kan engasjere deg i politikk lenge før det. Alle i Noreg har ytringsfridom. Det betyr at du har rett til å seie og meine det du vil. 

Du kan skrive eit lesarinnlegg og sende det til ein avis eller annan nyheitskanal som kanskje vil publisere det.  

En person blir intervjuet. Personen er samisk.
Ella Marie Hætta Isaksen blir intervjua av NRK, under ein aksjon i 2023.
Foto: Stortinget

Korleis jobbar pressa? 

Når pressa lagar ei nyheitssak, tek dei ofte kontakt med ein politikar for å få eit intervju. Ofte har også politikarane noko dei ønskjer å fortelje til folket, og tek kanskje sjølve kontakt med pressa. 

Dei kan ønskje å seie noko om kva partiet deira meiner om ei konkret sak, for eksempel leksefri skule eller straumprisar. På den måten er det viktig for både politikarane og journalistane å ha eit godt forhold til kvarandre. 

En mann blir intervjuet i vandrehallen på Stortinget.
Foto: Stortinget
Rødts partileder Marie Sneve Martinussen blir intervjuet på vei inn på Stortinget.
Foto: Lise Åserud/NTB

Oppgåver

Sitt saman med læringspartnaren din.

  1. Forklar for kvarandre:
    • Kva er pressa?
    • Kva gjer pressa?
  2. Lag ei liste over aviser og nyheitskanalar de veit om.
  3. Førebu eit lite intervju med to ulike vaksne:
    • Still spørsmålet: Kvar pleier du å få informasjon om kva som skjer i samfunnet?
    • Lag to spørsmål om andre ting de vil finne ut av.
KrFs leder Ulstein møter pressen.
Foto: Stortinget