Gå til innhold
Arild Hermstad og Jonas Gahr Støre i debatt.
Eit viktig kjenneteikn ved parlamentarisme, er høvet opposisjonen har til å konfrontera regjeringa. Her stiller Arild Hermstad (MDG) spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Foto: Stortinget

Kva er parlamentarisme?

I Noreg har me parlamentarisme. Det gir Stortinget makt til å avsetja regjeringa dersom fleirtalet ønskjer det.
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • 10 Min
  • VGS
  • 8.–10.

Parlamentarisme er ei politisk styreform som gir parlamentet, altså Stortinget, makt over regjeringa.

Det er særleg to ting som kjenneteiknar parlamentarisme:

  • Regjeringa kjem frå Stortinget.
  • Regjeringa må ha tillit og støtte hos fleirtalet i Stortinget.

Regjeringa kjem frå Stortinget

I eit demokrati vel folket både den lovgivande og den utøvande makta, altså Stortinget og regjeringa.

I land med parlamentarisme skjer valet av den utøvande makta indirekte: Folka avgjer kor store partia skal vera i parlamentet, og regjeringa blir danna ut i frå resultatet av dette.

Infografikk som forklarer parlamentarisme. Tre polaroidbilder av ei valurne, stortingssalen og regjeringa. Piler går frå "stortingsval" til "Stortinget", og vidare til "regjeringa".
I Noreg har vi parlamentarisme. Det betyr at regjeringa "kjem" frå Stortinget.
Illustrasjon: Stortinget

Regjeringa må ikkje bestå av parti som har fleirtal i Stortinget. Tvert imot er mindretalsregjeringar ganske vanleg i Noreg, samanlikna med mange andre land.

Ei mindretalsregjering risikerer derimot at tilliten frå stortingsfleirtalet forsvinn.

Regjeringa må ha tillit og støtte frå fleirtalet i Stortinget
Sjølv om regjeringar blir danna av parti som fleirtalet i Stortinget har tillit til, er det ikkje gitt at denne tilliten varer heilt fram til neste stortingsval.

Dette er det andre kjenneteiknet på parlamentarisme: Regjeringa må ha tillitt frå fleirtalet i Stortinget. Mister dei denne tilliten, kan stortingsfleirtalet kasta regjeringa.

Kirsti Bergstø og Jonas Gahr Støre i stortingssalen.
Kirsti Bergstø frå SV stiller kritiske spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Ein av Stortingets viktigaste oppgåver er å kontrollere regjeringa.
Foto: Stortinget

Dersom fleirtalet av stortingsrepresentantane meiner at regjeringa gjer ein for dårleg jobb, kan dei tvinge regjeringa til å gå av. Då seier ein at Stortinget feller regjeringa, og regjeringa må dermed skiftast ut. Dette blir kalla mistillit.

Eit anna utfall, er at regjeringa legg press på Stortinget gjennom eit kabinettsspørsmål. Det er eit pressmiddel der regjeringa truar med å gå av dersom ho ikkje får fleirtal i ei viktig sak i Stortinget.

Historie

Noreg fekk parlamentarisme i 1884, etter ein lang maktkamp mellom Stortinget og den svenske kongen.

Kjernen i konflikten mellom Stortinget og kongen den gong, var Stortingets ønske om å halda regjeringa ansvarleg for politikken regjeringa gjennomførte.

Til slutt hadde ikkje den svenske kongen noko val lenger, men måtte bøya seg for stortingsfleirtalet. Sidan då har regjeringar vorte danna med utgangspunkt i kor stor oppslutning partia har i Stortinget.

Dei fleste regjeringar i nyare tid har opplevd å få mistillitsforslag mot seg, men det har berre skjedd to gonger at regjeringar har gått av etter å ha vorte felte av Stortinget. Det skjedde i 1928 og 1963.

Portrett av Kong Oscar II
Unionskongen Oscar II ønskte ikkje at medlemmene i regjeringa skulle møta i debattar i Stortinget.
Foto: L. Szacinski/Oslo Museum
Portrett av Johan Sverdrup
Johan Sverdrup var ein av dei som leidde an i kampen for å innføra parlamentarisme i Noreg.
Foto: L. Szacinski/Oslo Museum