Gå til innhold/innhald
Jonas Gahr Støre holder innlegg i stortingssalen. Masud Garahkhani sitter i bakgrunnen.
Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) representerer kvar statsmaktene sine.
Foto: Stortinget

Kva er maktfordeling?

Maktfordeling er eit av dei viktigaste kjenneteikna på eit demokrati.
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • 10 min
  • VGS
  • 8.-10.

I eit demokrati skal ikkje all politisk makt vera samla hos éin person eller i éin institusjon, som til dømes enn konge eller diktator.

I staden skal fleire dela på den politiske makta, og desse skal kunna kontrollera kvarandre. På den måten unngår ein at dei som har politisk makt i samfunnet misbruker denne makta.

I Noreg, som i mange andre land, blir makta spreidd på tre ulike statsmakter:

  1. Lovgivande makt (parlamentet/Stortinget)
  2. Utøvande makt (kongen og regjeringa)
  3. Dømmande makt (domstolane)

Desse tre statsmaktene har ulike oppgåver og rollar når viktige politiske avgjerder blir tekne. Trykk på plussteikna for å lesa meir om oppgåvene til dei ulike statsmaktene:

Lovgivande makt

Stortinget er Noregs lovgivande makt. Det er berre Stortinget som kan laga nye, endra eller oppheva lover.

Stortingsbygningens fasade, sett nedenfra.
Stortinget er Noregs lovgivande makt.
Foto: Stortinget

Eit samfunn treng felles lover og reglar for å fungera. Éin av Stortingets hovudoppgåver er å bestemma kva lover som skal gjelda i Noreg.

I Grunnlovas paragraf 49 står det at folket er Noregs lovgivande makt, gjennom Stortinget. 

At folket, gjennom stortingsval, er med på å bestemma lovene i landet, er eit viktig demokratisk prinsipp.

Utøvande makt

Regjeringa er Noregs utøvande makt. Det er den som set i verk lovene Stortinget vedtek.

Jonas Gahr Støre og resten av hans regjering kommer ut på Slottsplassen.
Regjeringa på slottsplassen etter å ha vore hos kongen.
Foto: Stortinget

I tillegg til å gjennomføra den politikken som Stortinget vedtek, kjem regjeringa også med forslag til nye lover og kva staten skal bruka pengar på.

Statsministeren leier regjeringa. Dei andre i regjeringa blir kalla ministrar eller statsrådar, og har ansvar for ulike oppgåver i samfunnet. Til dømes har kunnskapsministeren ansvar for skulane i Noreg.

Dei som sit i regjering jobbar ikkje på Stortinget, men i departementa.

Dømmande makt

Domstolane er den dømmande makta. Det er dei som avgjer om nokon har brote ei lov, og kva konsekvensar det skal få.

En dommer leser papirer med en klubbe i forgrunn.
Domstolane avgjer saker der nokon er tiltalte for å ha brote ei lov.
Foto: iStock

Domstolane er den dømmande makta. Det er dei som avgjer om nokon har brote ei lov, og kva konsekvensar det skal få.
Domstolane er delte i tre nivå:

  1. tingrettane 
  2. lagmannsrettane
  3. Høgsterett

Høgsterett er Noregs øvste domstol. Her sit det i alt 20 dommarar. Leiaren har tittelen høgsterettsjustitiarius.

Illustrasjon av maktfordelingstrekanten. Stortinget, regjeringen og domstolen i hvert sitt hjørne.
Illustrasjon: Stortinget

Historie

Ideen om maktfordeling stammar frå opplysingstida, og vart formulert av den franske filosofen Charles Montesquieu (1689–1755). Montesquieu såg at både kongar og andre med viktige posisjonar misbrukte makta si.

Kvart menneske som har makt, er tilbøyeleg til å misbruka han.

Montesquieu

Lovenes ånd, 1748

Derfor meinte han at dei som har makt, også sjølv må kontrollerast av andre med makt. På den måten kan ein forhindra maktmisbruk.

Denne ideen vart veldig viktig då fleire land laga nye grunnlover på 1700- og 1800-talet. Dei som skreiv grunnlova vår på Eidsvoll i 1814 var også inspirert av Montesquieu. Maktfordeling gar vore eit viktig prinsipp i Grunnlova heilt sidan den gong.

Den originale Grunnloven fra 1814, slått opp på § 49.
I Grunnlova vår står det mellom anna at "Folket utøver den lovgivande makta ved Stortinget" (§49).
Foto: Stortinget
Portrett av Charles Montesquieu
Den franske filosofen Charles Montesquieu (1689-1755) har hatt mykje å seia for korleis demokrati fungerer den dag i dag.
Foto: Ukjent kunstner