Gå til innhold
Jonas Gahr Støre omringet av journalister.
Statsminister Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre blir følgd av journalistar på veg på Stortinget då valresultatet for 2025 var klart.
Foto: Stortinget / Jeppe Frederiksen

Korleis blir ei regjering laga?

Resultatet av stortingsvalet avgjer kva slags regjering me får. Men parti kan gå inn og ut av regjering utanom eit val òg.
  • 8.–10. VGS
  • Tekst
  • 10 Min
  • VGS
  • 8.–10.

Nye regjeringar blir vanlegvis danna like etter eit val. Kort sagt kan vegen frå stortingsval til ei regjering blir danna samanfattast med tre steig:

1. Parlamentarisme: Storleiken på partia i Stortinget avgjer

I Noreg har vi parlamentarisme. Det betyr at storleiken på partia i Stortinget avgjer kva parti som kan sitje i regjering.

Først avgjer veljarane kor store partia blir på Stortinget. Dei partia som har størst høve til å få fleirtal for politikken sin i Stortinget, dannar regjering.

Det er dette ein meiner med at "regjeringa kjem frå Stortinget".

Regjeringa ikkje bestå av parti som har fleirtal i Stortinget. Tvert imot er mindretalsregjeringar ganske vanleg i Noreg, samanlikna med mange andre land.

Ei mindretalsregjering risikerer derimot at tilliten frå stortingsfleirtalet forsvinn.

1 / 3
Infografikk som forklarer parlamentarisme. Tre polaroidbilder av en valgurne, stortingssalen og regjeringen. Piler går fra "stortingsvalg" til "Stortinget", og videre til "regjeringen".
Illustrasjon: Stortinget

Stortingsperioden 2025-29

Etter valet i 2025, beheldt Arbeidarpartiet posisjonen som regjeringsparti. Jonas Gahr Støre vart attvald som statsminister.

Det vart han fordi dei raudgrøne partia fekk fleirtal i Stortinget, medan dei borgarlege tapte. Alle dei raudgrøne partia hadde før valet sagt at dei helst ville ha Jonas som statsminister.


Kva siktar ein til med raudgrøne og borgarlege parti?

  • Det er vanleg å sortera partia på Stortinget blant dei raudgrøne eller borgarlege partia.
  • Dette gjer ein for å visa kva parti som sannsynlegvis vil støtta dei ulike regjeringsalternativa.
  • Til dei borgarlege partia blir rekna Høgre, Frp, Venstre og KrF.
  • Til dei raudgrøne partia blir rekna Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt og MDG.
Jonas Gahr Støre og Sylvi Listhaug ser på hverandre og smiler.
Jonas Gahr Støre (Ap) og Sylvi Listhaug (Frp) etter at valresultatet var klart i 2025.
Foto: Stortinget
Martinussen, Bergstø og Vedumi vandrehallen.
Marie Sneve Martinussen (R), Kirsti Bergstø (SV) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) skal alle forhandle med regjeringa i perioden 2025-29.
Foto: Stortinget/Simen Prestaasen

Sjølv om Arbeidarpartiet sit i regjering, er dei langt unna å ha fleirtal i Stortinget åleine. Regjeringa er avhengig av å forhandle og bli samd med fleire andre parti for å få fleirtal for dei politiske ønska sine.

Er det alltid best å sitje i regjering?

Den viktigaste jobben til regjeringa er å foreslå politikk for Stortinget, og gjennomføre den politikken som Stortinget vedtek. Derfor ligg det enormt mykje makt i å sitje i regjering.

Sit eit parti åleine i regjering, kan det foreslå akkurat den politikken dei ønskjer. På den måten, blir det veldig synleg for veljarane kva partiet meiner om ulike saker.

Jonas Gahr Støre står bak en talerstol. Et kamera filmer ham.
Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet sit åleine i regjering, men er avhengig av å forhandle med fleire parti i Stortinget for å få fleirtal for sine politiske ønskjer.
Foto: Martin Lerberg Fossum / Statsministerens kontor

Når fleire parti samarbeider i regjering, må dei først bli samde seg imellom. Det er ikkje alltid lett. Faktisk har det skjedd fleire gonger at parti har trekt seg frå eit regjeringssamarbeid, fordi dei meinte at dei får for lite igjen for å sitje i regjering.

Førre gong det skjedde var i januar 2025. Då trekte Senterpartiet seg frå regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet.

Heilt konkret var Arbeidarpartiet og Senterpartiet usamde i om Noreg skulle innføre nye EU-reglar. Desse handlar mellom anna om at meir av den energien vi bruker skal vere fornybar og at vi generelt skal bruke mindre straum.

Då Senterpartiet gjekk ut av regjering, møtte "alle" journalistar i Noreg opp på Stortinget for å dekkje saka.
Foto: Stortinget

Brotet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er ikkje unikt. Det skjedde også i 2020. Den gongen var det Frp som trekte seg frå regjeringa dei sat i saman med Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

I Noreg blir det ikkje eit nytt val sjølv om eit parti trekkjer seg frå regjering. Styrkeforholdet mellom partia vil vere det same heilt til neste planlagde val.

Kan heile regjeringa gå av?

Det kan også skje at heile regjeringa trekkjer seg, eller at Stortinget avset ho. Regjeringa må nemleg ha tillit hos fleirtalet i Stortinget for å kunne styre.

Dersom regjeringa mistar denne tilliten, kan Stortinget tvinge regjeringa til å gå av. Sist det skjedde var i 1963, så det er med andre ord ganske sjeldan.

Statsminister Einar Gerhardsen holder seg for ansiktet under debatt i Stortinget.
Einar Gerhardsen (foran med ansiktet i hendene) fikk sparken som statsminister i 1963. Stortinget felte regjeringen hans gjennom mistillit.
Foto: Aftenposten / NTB

Når ei regjering går av utanom val, må det dannast ei ny regjering. Den nye regjeringa må dannast med utgangspunkt i det same styrkeforholdet mellom partia på Stortinget. 

Dette heng saman med parlamentarisme: regjeringa blir danna med utgangspunkt i kven som har mest makt på Stortinget.