Alle vegane mot Eidsvoll rann over av sørpe og søle. Reisa var anstrengjande for dei 112 mennene som skulle møtast i byrjinga av april for å skriva grunnlov. Til gjengjeld var det lite å klaga på under sjølve opphaldet.
Dei snaue seks vekene riksforsamlinga varte, fekk dei servert 150 kalvar, 50 kuar, 3 oksar, 6 sauer og 14 geitekillingar. I tillegg gjekk det med godt over 2000 liter vin og 2300 liter brennevin. Alt frå god konjakk til dårleg, lokal heimebrent.
Innimellom all mat og drikke rakk dei også å velja ein dansk kronprins til konge og skriva ei av dei mest liberale grunnlovene Europa hadde sett. Planen var å slå Grunnlova i bordet så fort Karl Johan viste seg, og krevja norsk sjølvstende.