Gå til innhold/innhald
En bunke ulike lokalaviser ligger utover et bord.
Foto: Stortinget

Skriv i lokalavisa

Det er rundt 200 lokalaviser i Noreg. Desse er alltid interesserte i kva som engasjerer folk som bur i lokalmiljøet.
  • 8.–10.

Alle lokalaviser tek i mot innlegg frå lesarane. Ettersom lokalaviser berre dekkjer det som skjer i eit avgrensa område, er det lettare å få leserinlegg publisert der enn i nasjonale aviser.

Her er nokon ting det er verd å tenkje på før de byrjar å skrive:

  • Innlegget må ha overskrift, ingress, minst to saklege hovudargument, og ei avslutning. Lengda bør vere maks éi A4-side.
  • Saklegheit, språk og struktur er viktig når ein skriv eit lesarinnlegg
  • Det bør komme tidleg fram kva som er hovudmeininga deira, resten av teksten skal underbyggje dette.
  • I argumenta kan de vise til statistikk, spele på kjensler, og/eller vise til konsekvensane av forslaget.