Overtyd ein politikar
Førebu nokre kritiske spørsmål og nokre argument for deira sak, til ein politikar. Ta kontakt med vedkommande!
Ein viktig del av jobben til alle politikarar er å snakke med folk som er ramma av det dei jobbar med. Politikarar har mange møte, og kan vere travle, men dei aller fleste vil prøve å ta seg tid til å snakke med dei som tek kontakt.
Her er nokon ting det er verd å tenkje på før de tek kontakt med ein politikar:
- Kven vil de kontakte? Kvifor? Tenk gjennom kva politikar det er lurt å kontakte med akkurat den saka de er opptekne av. Har nokon vore spesielt opptekne av liknande saker tidlegare? Er det nokon politikarar som kjenner området godt frå før?
- Skriv ein e-post eller ring politikaren. Presenter dykk og fortel kva de vil snakke med han/henne om.
- Avtal tid og stad for møtet. Sjekk kalenderen dykkar på førehand.
- Førebu dykk godt: Les dykk opp på kva politikaren har sagt før, og kva andre meiner om saka. Sosiale medium og aviser kan vere gode kjelder. Skriv ned spørsmål og argument på førehand, og få gjerne bistand av lærar, foreldre eller andre i forkant.