Gå til innhold/innhald
Karikaturtegning fra 1814 som viser de allierte som steker Napoleon i en bakerovn.
Karikaturteikning frå 1814: Leiarane for dei allierte landa (Sverige, Russland, Preussen, Austerrike og Storbritannia) dyttar Napoleon inn i ein bakaromn. Karl Johan er avbilda heilt til venstre.
Foto: George Cruikshank / WikiCommons

Oppgåve: Retten til å bestemma over seg sjølv

Alle land bestemmer over seg sjølv og har rett til å forsvara seg dersom sjølvstendet deira blir trua av andre.
  • Oppgåve

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.

Grunnlova § 1

Slik lyder første setning i Grunnlova vår. Språket er gammaldags, men poenget er at Noreg bestemmer over seg sjølv og at ingen andre land kan ta kontroll over heile eller deler av Noreg.

Så lenge Noreg var i union med Sverige innehalde denne setninga ein del til, eit kompromiss: «sameint med Sverige under éin Konge».

Det betydde at Noreg ikkje var heilt sjølvstendig likevel. svenskekongen var også kongen vår. Delar av den norske regjeringa, altså dei som styrte Noreg i det daglege, sat i Stockholm. Langt frå Stortinget, som var valt av det norske folket.

I unionen hadde me heller ikkje vår eigen utanrikspolitikk. Denne vart bestemd av kongen og Noreg fekk ikkje lov til å inngå eigne avtalar med andre land. Noregs forhold til verda vart diktert frå Sverige.

Internasjonale samarbeid

Kvart lands rett til å bestemma over seg sjølv, er ein grunnleggjande køyreregel i internasjonal politikk. Dersom eit land uprovosert angripar eit anna land, er det eit brot på denne regelen.

Slike angrep vil alltid få sterke reaksjonar frå verdssamfunnet. I verste fall kan krigar og konfliktar eskalera og bli større.

Det er også sånn at land samarbeider om ting. Nokre land samarbeider også veldig tett. NATO, EU og FN er døme på internasjonale samarbeid som påverkar anten forsvar, handel eller andre politikkområde.

Jonas Gahr Støre holder pressekonferanse på et NATO-møte.
Noreg samarbeider med andre land på mange område, til dømes om forsvarspolitikk.
Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Land samarbeider fordi dei er tente med det. Anten for sin eigen tryggleiks skuld, for å skapa økonomisk vekst eller for å løysa andre utfordringar saman.

Kva land som samarbeider, og kva dei samarbeider om, påverkar verda. Sånn har det alltid vore, og det blir ikkje noko mindre viktig i framtida.

Nedanfor finnar de oppgåver som tek for seg internasjonale samarbeid og konfliktar om sjølvstende i dag. Jobb i små grupper eller individuelt. De vel sjølv korleis de vil presentera svara.

Denne artikkelen er ein del av ein læringssti om Grunnlova og 1814. Trykk på knappen over for å gå til startsida.