Gå til innhold/innhald
En jente skriver på en mobiltelefon.
Foto: iStock

Lag innhald til sosiale medium

Innhald på sosiale medium kan spreiast raskt, og varierer meir i uttrykk enn lesarinnlegg i aviser.
  • 8.–10.

Sosiale medium er ei viktig kjelde til informasjon om ting som går føre seg i samfunnet, både nasjonalt og lokalt. Det gjeld for både vaksne og ungdom. Innhaldet i sosiale medium kan vere både skriftleg og lagast som videoar.

Her er nokon ting det er verd å tenkje på før de byrjar:

Skriftlig

  • Skriv eit innlegg. Det kan til dømes vere ein caption til eit bilete på Instagram, eller ein biletserie der du legg tekst på bileta.
  • Fang merksemda med éin gong og vend deg direkte til lesaren. Til dømes kan du starte innlegget med "Visste du at….?"
  • Bruk statistikk.
  • Det er lov å vere personleg. Kven er du, og kvifor har du ei meining om dette? Kva får denne saka deg til å kjenne? Kvifor?
  • Skriv "du", ikkje "ein". Dette gjer at lesaren kjenner seg meir treft av det du skriv.
  • Språket bør vere kort og konsist. Ikkje ha for mykje tekst på kvart bilete dersom du lagar ein biletserie.
  • De kan gjerne lenkje til ei av kjeldene de bruker i argumentasjonen.
  • Emojiar er lov, men ikkje for mange, og tenk gjennom kva de bruker.

Munnleg

  • Lag ein film. Filmen kan til dømes vere som ei tik tok eller ein reel på Instagram.
  • Få hjelp av nokon til å filme dykk, eller film dere sjølv.
  • Ver personlege! Kven er de og kvifor har de ei meining om dette?
  • Ikkje les opp teksten. Dersom de skriv manus, lêr de dette utanåt.
  • De kan klippe til filmen - alt treng ikkje vere i eitt opptak.
  • Filmen bør ikkje vare i meir enn 1,5 minutt.